Mange fosterheimsborn står utan tilsynsførar - KS-leiaren er skuffa over kommunane

10 prosent av fosterheimsbarna i Sogn og Fjordane har ikkje tilsynsførar, sjølv om dei har krav på det etter lova. Det syner tal frå Fylkesmannen.

Jente ved vindu

FÅR IKKJE TILSYN: 16 born i Sogn og Fjordane manglar i dag tilsynsførar. Fleire av kommunane oppfyller ikkje krava som er sett til ordninga. (Illustrasjonsbilete)

Foto: Scanpix / SCANPIX

Jenny Følling

OVERRASKA: KS-leiar Jenny Følling er uroa for at 16 born manglar tilsynsførar.

Foto: Alf Vidar Snæland

I heile landet står nær 750 fosterheimsborn utan tilsynsførar.

Det er kommunane sitt ansvar å rekruttere tilsynsførarar. Eid, Florø og Vågsøy er mellom kommunane som ikkje oppfyller lovkrava.

Leiar i kommunane sin eigen organisasjon, KS, Jenny Følling, er skuffa over at mange kommunar bryt lova.

– Eg er overraska og tykkjer det er mange. Det er alvorleg at kommunane bryt lova på dette området. Dei som veks opp i fosterheimar er nokon av dei mest sårbare vi har, seier Følling.

– Viktig med nøytral part

10 prosent av fosterheimsborna i Sogn og Fjordane mangla i første halvår i år tilsynsførar, ein auke på tre prosent sidan årsskiftet. På landsbasis står 742 fosterheimsborn utan tilsynsførar.

Alle fosterheimsborn har krav på besøk frå ein tilsynsførar fire gonger i året. Heidi Vallestad har vore fostermor i eitt år. Ho meiner tilsynsførar-ordninga er viktig.

– Eg tenkjer det er viktig å få inn ein nøytral part som ikkje er saksbehandlar eller andre du har tett kontakt med.

Jenny Følling er samd med at det er viktig med tilsynsførarar når ein skal lage fosterheimstiltak ovanfor ei sårbar gruppe.

– Der det viktig å følgje opp at alt fungerer i heimen og skulen. Det gjeld også oppfølging av eventuell samværsrett med foreldre, seier Følling.

Seier dei ikkje er flinke nok

Det er kommunen sitt ansvar å syte for nok tilsynsførarar. 16 born i fylket får ikkje den oppfølginga dei har krav på. Tre av dei har Flora kommune ansvar for.

Avdelingsleiar for barnevernstenesta i kommunen, Steinar Solheim, innrømmer at kommunen ikkje gjer ein god nok jobb.

Om vi ikkje greier å ha tilsynsførar i alle fosterheimar, er vi ikkje flinke nok. vi har prøvd ulike måtar å rekruttere på og det er ikkje alltid like lett å få gode tilsynsførarar.

I Florø prøver dei seg no på nye tiltak for å sikre rekrutteringa.

– Vi har eit nytt forsøk der vi prøver å komme oss ut i andre kommunale einingar og prøver å rekruttere der, som til dømes på skular og barnehagar, seier han.

Er uroa for kvaliteten

Leiar i fosterheimsforeininga i Sogn og Fjordane, Jan Ove Seinseth, er skuffa over at ikkje fosterborna får den oppfølginga dei skal. Men han er også uroa og kvalitet og hyppigheita i tilsynsbesøka.

– Vi har ingen statistikk på dei som har tilsynsførar og kor mange dei som har fått det, ser han eller ho. Ein ting er å bli oppnemnt, men det er viktig at tilsynsføraren faktisk har dei samtalane med fosterbarnet og heimen, seier han.

Jenny Følling meiner kommunane må ta grep som sikrar at dei oppfyller lovkrava.

– Eg er sikker på at kommunane gjer så godt dei kan. Men det er kanskje viktig å rette ekstra fokus mot at ein greier å gjennomføre tilsyn. Har kommunane problem å skaffe nok folk, kan dei kanskje samarbeid med andre for å følgje opp dei tiltaka ein har, seier ho.