Hopp til innhold

Fortvila smittevernlege: – Folk tar ikkje telefonen

Er du ein av dei som ikkje svarar når eit ukjent nummer ringer? Det vil smittevernlege Leiv Erik Husabø ha ein slutt på.

Leiv Erik Husabø

FÅR IKKJE SVAR: Smittevernlege i Sogndal kommune, Leiv Erik Husabø, får eit vanskeleg arbeid med smittesporing når folk ikkje svarar på telefonen.

Foto: Sigrid Nese Thue / Sogn Avis

Smittevernlegen i Sogndal kommune tastar inn åtte siffer. Etter ei stund går summetonen over til telefonsvarar.

– Det er ganske vanleg at folk ikkje tar telefonen når vi driv med smittesporing, seier Leiv Erik Husabø.

Tid er viktig når det er påvist koronasmitte i kommunen. Enten dei må nå nærkontaktar eller nokon som har fått påvist smitte.

Lista over telefonnummer kan vere lang og klokka tikker, men mange vegrar seg mot å svare i andre enden. Det var Sogn Avis som først omtalte saka.

– Mange tar ikkje telefonen når det er eit ukjent nummer. Det gjer at vi ikkje får tak i folk før det er for seint, seier Husabø.

Det betyr at folk kan ha vore på jobb eller skule før smittesporarane kjem i kontakt med dei.

Smittevernlegen i Sogndal meiner det har blitt vanleg at vi ikkje svarar telefonar frå nokon vi ikkje kjenner, om det er smittesporing eller ein telefonseljar.

– Kast deg ut i det

Mange kallar det for telefonskrekk eller telefonangst. Det kan kome av at vi ikkje veit kva som ventar i andre enden av telefonen.

Ingrid Sønstebø

TA TELEFONEN: Psykologspesialist Ingrid Sønstebø har eit klart råd til deg som vil kvitte deg med telefonskrekken.

Foto: PRIVAT

– For ein del av oss er det uvisse som gjer at vi ikkje svarar. Vi anar ikkje kva samtalen gjeld, og då kjem det ei uvisse i oss, seier psykologspesialist Ingrid Sønstebø.

For nokre passar ikkje tidspunktet for telefonsamtalen. Andre tenker at det ringer på ny om det skulle vere noko viktig.

Sønstebø trur fleire kvir seg på å ta telefonen i ei tid der vi er mindre saman med andre.

– No er vi meir sosialt isolerte. Då kan det vere at fleire blir meir engstelege og kvir seg oftare enn før til telefonsamtalar med eit ukjent nummer. Noko av årsaka kan vere at det handlar om smitte, og at folk ikkje har så lyst til å høyre om dei er smitta av korona.

Har du telefonskrekk, men vil bli kvitt han? Då har psykologspesialisten eitt råd til deg.

– Kast deg ut i det. Svar kvar einaste gong. Det er viktig at folk tar telefonen desse dagar, seier Sønstebø.

Telefonskrekk over heile landet

Det er ikkje berre på legekontora i Sogndal at telefonskrekk har blitt til eit problem.

– Eg veit at dette er eit generelt problem, så difor er det utvikla eit system for å sende melding før telefonen ringer. Men det blir ekstraarbeid når tida er knapp. Vi må prøve å finne tekniske løysingar der vi gjer oss til kjenne, seier smittevernlege Leiv Erik Husabø.

Han forstår at nokre har hemmelege telefonnummer eller at nokre ikkje kan vere tilgjengelege på telefonen heile døgnet.

– Det er ikkje noko plikt å ha på telefonen. Har du tatt ein koronatest dagen før, så bør du vere merksam.