Spisse fjelltoppar og smaragdgrøne fjordar gjer at turistar valfartar i hopetal til Stryn, men legar lèt seg ikkje lokke til den naturskjønne kommunen.
I vår la regjeringa over ein milliard kroner på bordet for å styrke fastlegeordninga gjennom ein handlingsplan, men no hastar det. Berre i Stryn kommune står 2000 personar utan ein eigen fastlege, skriv Fjordingen. I kommunen bur det 7000.
– Brukar pengar utan å ha styring
For at Borghild på 80 år eller Kjartan på 12 år skal få legetime, så må Stryn kommune hanke inn vikarlegar.
– No brukar vi mykje pengar på å springe etter toget, heller enn å styre toget, seier kommuneoverlege Marius Solbakken i Stryn.
Det gjer noko med stabiliteten på legekontoret. Kommuneoverlegen ynskjer seg to nye faste legar, helst tre, men ingen vil.
– Pasientane blir frustrerte og kjenner seg utrygge med nok ein vikarlege, seier Solbakken.
Jobbar 70 timar i veka
Over halvparten av kommunane i landet meiner det er krevjande å rekruttere legar. På same tid sluttar fleire fastlegar enn før.
– Det er meir attraktivt å vere vikar med meir fleksibilitet og mindre ansvar, meiner Solbakken.
LODALEN: Turistar valfartar til Stryn, spesielt om sommaren.
Foto: Erik Per.W HermanssonHan skuldar mellom anna på høgare arbeidspress. Stryn kan vere så naturskjønt som det berre vil, men at det hjelper lite viss legen må jobbe 70 timar i veka, meiner Solbakken.
– Fleire utskiftingar blant legane og færre som kan dele på vakter, gjer at dette ikkje er berekraftig over tid. Belastninga vert for stor, seier Solbakken.
Presset som koronapandemien legg på helsevesenet gjer at styrking av ordninga og meir pengar hastar meir enn nokon gong før, meiner Solbakken.
Han får støtte frå legeforeininga som seier at krisa veks seg større dag for dag, og at midlane må på plass raskare.
– Hastar
Tilbake i mai, då helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) lova 1,6 milliardar til fastlegeordninga, så sa han at dei ikkje hadde råd til å la vere. Men er dette pengar som legesenter og kommunar vil merke noko til med det første? Ja, meiner statssekretær Inger Klippen i Helse- og omsorgsdepartementet.
– Vi er godt i gang med å gjennomføre handlingsplanen. Allereie ved lanseringa innførte vi tiltak med tilbakeverkande kraft slik at vi skulle få sjå rask verknad, seier ho.
– Må steike burgarar
I fleire år har legeforeininga ropt varsku om legemangel, først ute i distrikta, men no også i dei største byane.
– Regjeringa, kommunane og vi er einige om kva som må til, men det går nok nokre år før vi får ei betring. Det går ikkje så veldig fort, seier Ronny Cassells, som er leiar for legeforeininga i Sogn og Fjordane.
Ei av løysingane kan vere fleire turnusplassar.
– 60 prosent av alle som utdannar seg til lege får ikkje turnusplass i Noreg. Dei må finne seg andre jobbar som pleiemedarbeidar, eller heilt andre ting som å steike burgarar, seier Cassells.
STEIKE BURGER: Ronny Cassells, som er leiar for legeforeininga i Sogn og Fjordane, seier det er for få turnusplassar.
Foto: Wilhelm Støylen / NRK