Førti prosent når ikkje fram

No kan du gråte over spilt vatn.

Om kort tid kan bergensarar bli tvungen til å måle vatnet

Gamle røyr gjer at store mengder vatn forvinn før det kjem til krana di.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix

Medan kommunane i Hordaland ber innbyggarane om å spara på vatnet, når gjennomsnittleg 40 prosent av drikkevatnet aldri fram til kranane. Med det er Norge blant dei dårlegaste i verda til å ta vare på drikkevatnet.

I Etne er situasjonen ekstrem. Samstundes som det kan vera slutt på drikkevatnet i bygda denne veka, gjer dårleg ledningsnett at 2/3 av drikkevatnet går til spille.

Eit inn, to ut

Fyller du eit glas med med vatn i Etne, forsvinn det to glas med vatn ut i intet.

Dei omfattande lekkasjane ved vassverket i bygda let seg vanskeleg kombinera med ein tørr vinter. Mot slutten av veka kan Etneelva bli einaste vasskjelde for omlag 700 husstandar, fortel Arvid Ness i Etne kommune.

Etne

Etne kan snart stå utan reint drikkevatn.

Foto: Etne kommune

– Dersom det ikkje kjem litt meir mildvêr, vil det seie at ein god del av bygda Etne vil få vatn inn frå elva. Og då vert det koking på dei, seier han.

Etne kommune har allereie stengt symjehallen og gymsalen ved Enge skule for å spara vatn.

– Me kan ikkje fortsetja å ha ein så stor lekkasje som me har no, seier Ness.

18.000 symjehallar renn ut

Fagdirektør i Vann- og avløpsetaten, Magnar Sekse

Magnar Sekse i Bergen kommune.

Foto: Kristian Ervik / NRK

Men samanlikna med dei mengdene vatn som forsvinn i Bergen kvart år blir lekkasjane i Etne som dråpar i havet.

I Bergen forsvinn ein tredjedel av drikkevatnet på grunn av lekkasjar, noko som tilsvarar nær 18.000 svømmehallar!

– Eg tykkjer det er mykje, men det er gjennomsnitten i Norge, seier Magnar Sekse i vann og avløpsetaten i Bergen kommune.

Dei jobbar intenst med å betra røyrsystemet, men trass i vasskrisa meiner han at ein ikkje treng ein ny vasspolitikk.

– Mei, det trur eg ikkje. Men eg trur det er eit godt poeng å redusere lekkasjane, for det vil jo seie at me utbetrar ledningsnettet vårt, seier han.

– Må prioriterast

Hjå fylkesmannen er dei uroa over dei dårlege vassnetta i kommunane. Fylkesberedskapssjef Arve Meidell seier vassverka må prioritera lekkasjane framover.

– Sett i lys av vassmangel, som me opplever mange stader no, så er det jo absolutt noko som ein burde prioritere, seier han.