Hopp til innhold

Forsvinningssaka: No har syklisten meldt seg

Politiet ettersøkte føraren av ein mørk Audi og ein syklist i samband med forsvinninga til Christer Fretheim Flem (37) ved Haukåsen i Sogndal. No har syklisten teke kontakt.

Politiet ynskjer å komme i kontakt med ein bilist og ein syklist i samband med forsvinninga til Christer Fretheim Flem ved Haukåsen i Sogndal.

FEKK KONTAKT: Etter at politiet i Sogn i samarbeid med TV2-programmet Åsted Norge etterlyste ein rosakledd syklist, har politiet no kome i kontakt med vedkommande.

– Syklisten har meldt seg og vi har hatt han inne til avhøyr, men han kom ikkje med nye opplysningar i saka, seier Arne Johannessen, einingsleiar for driftseininga i Sogn og Fjordane, Vest politidistrikt til NRK.no onsdag ettermiddag.

I samarbeid med TV-2 programmet Åsted Norge tok politiet opp att saka. Politiet i Sogn har sett to etterforskarar på saka som skal gå gjennom alt på nytt.

37-åringen Christer Fretheim Flem forsvann sporlaust under ein tur ved Haukåsen i Sogndal i mai i fjor.

Politiet har ikkje mistanke om at det har skjedd noko kriminelt, men Johannessen seier det er viktig for dei å snu kvar einaste stein for å finne svar.

– Familien har ikkje fått svar på kva som har skjedd. Politiet synst det er for gale å legge vekk ei sak som er uløyst, der vi ikkje veit kva som har skjedd.

Største leiteaksjonen i området

Leitar etter Christer

FORSVANN: Det siste pleiarane såg av Christer Fretheim Flem var at han stogga ved ein snøhaug.

Foto: Privat

Leiteaksjonen etter Christer Fretheim Flem for halvannan år sidan blir av Johannessen skildra som ein av dei største i distriktet nokon sinne. 37-åringen forsvann medan han var på tur i området rundt flyplassen med to pleiarar, og sidan har ingen sett spor av han.

Det vart gjort omfattande søk i terrenget, i elvar og i fjorden. Mannskap frå Røde Kors, Sivilforsvaret, hundar og tallause frivillige var med, i tillegg til at det vart gjort søk frå lufta med helikopter og drone.

– Men vi står heilt utan spor. No skal vi gå gjennom heile etterforskinga for å sjå om det finst lause trådar som vi har oversett.

Etterlyser framleis bilføraren

Arne Johannessen, ny einingsleiar for Sogn og Fjordane i Vest politidistrikt.

GIR IKKJE OPP: Einingsleiar for driftseininga for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, seier det er ein fortvilande situasjon at dei framleis ikkje kan gje familien svar på kva som har skjedd.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Sist veke fekk politiet inn ein dashbordvideo som er teken opp på vegen opp mot flyplassen, same dag som Fretheim Flem forsvann. Denne viser ein mørk Audi stasjonsvogn og ein syklist.

Videoen vart i går kveld vist på TV2. Og politiet fekk relativt umiddelbar respons.

– Vi har i dag snakka med syklisten, utan at det kome noko ut av det som tilfører saka noko. Uansett var det ein laus tråd vi no har funne ut av. Bilføraren har vi per i dag ikkje fått avklart kven er.

– Ta kontakt

Politiet håpar framleis å kome i kontakt med bilføraren, og eventuelle andre personar som kan ha opplysningar i saka.

– Om nokon sit med ein eller annan type informasjon i denne saka, håpar vi dei tek kontakt, seier Johannessen.

– Ved å opne etterforskinga att, kan ein skape eit håp som er vanskeleg å innfri?

– Det er eg i så fall villig til å gjere. Vi tek eit forsøk til, og ser om vi har gjort ein god nok jobb. Det er mykje betre enn å gå rundt og lure på om vi har gjort alt som gjerast kan for at familien skal få svar.