Hopp til innhold

Forsvarssjefen ber om 25 milliardar: – Risikoen for konfliktar er igjen tilbake

Forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen overleverte i dag sine militære råd til forsvarsminister Frank Bakke-Jensen. Han vil ha minimum to nye fregattar.

Forsvarssjefen legger frem sitt fagmilitære råd 8. oktober 2019

FORSVARET: Forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen gav i dag sine råd til forsvarsminister Frank Bakke-Jensen.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Forsvarssjefen presenterte fire ulike alternativ for korleis Forsvaret kan sjå ut i framtida.

Sjølv tilrår han ei satsing på Forsvaret som vil koste 25 milliardar kroner meir i 2028-budsjettet enn dei fekk i statsbudsjettet for 2020. Han foreslår ei opptrapping av forsvarsbudsjettet med tre milliardar ekstra, kvart einaste år fram til 2028.

– Alternativet etablerar eit forsvar som i ramma av Nato kan møte dei aktuelle tryggingsutfordringane i våre nærområde, seier forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen.

Dette rådet – det såkalla alternativ A – gir mellom anna fire nye fregattar og to nye havgåande kystvaktskip med helikopterstøtte og ti nye maritime helikopter. Desse helikoptera vil ikkje vere av typen NH90.

Dei andre alternativa vil bli billigare. Dei vil derimot ikkje svare på alle dei sikkerheitsutfordringane Noreg står overfor, meiner Bruun-Hanssen. Alternativ D – det lågaste av tilrådingane – gir mellom anna to nye fregattar.

– Alle alternativ vil styrke Forsvaret i forhold til dagens vedtatte plan, seier forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen.

Forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen gir forsvarsminister Frank Bakke-Jensen militære råd

Forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen gir forsvarsminister Frank Bakke-Jensen militære råd

Risiko for konfliktar

Kvart fjerde år kjem sjefen for Forsvaret med sine militære råd til regjeringa.

I år starta han med ei skildring av situasjonen Noregs forsvar står i.

– Mi vurdering er at verda har blitt meir ustabil sidan 2015. Risikoen for konfliktar er igjen tilbake. Me er vitne til ei stormaktsrivalisering mellom fleire stormakter på fleire arenaer, i Asia, Midtausten, men også i Europa. Rivalisering medfører at den internasjonale rettsorden stadig blir utvikla og faren for bruk av militær makt er stadig aukande, seier Bruun-Hansen.

Forsvarssjefen peikar på at nordområda blir stadig viktigare som ein strategisk arena for russiske militære planar.

– Nordområdet vil stå sentralt i ei eventuell tilspissing. Det gjer Norskehavet viktigare for våre allierte.

Hangar på Evenes flystasjon

EVENES: Forsvarssjefen kom hadde ingen tilråding om nedleggingar av basar. Her er flybasen Evenes fotografert.

Foto: Simon Solheim / FMS

Nye kampfly

På førehand var det knytt mest spenning til plasseringa av det norske forsvaret sine nye kampfly i nord. Forsvarssjefen har fått Stortinget med på å samla overvakingsfly og tre kampfly som står utrykkingsklare for Nato i Nord-Norge på Evenes.

Bakgrunnen er at kostnaden med å ha fly stasjonert fast i både Evenes og på Andøya vil bli for dyrt.

Det kom derimot ingen klare svar på kor dei nye kampflya skal vere.

– Dette fagmilitære rådet anbefalingar ingen nedleggingar av basar, ei heller opprettingar av nye basar, seier Bruun-Hanssen.

KNM "Helge Ingstad" sjøsettes etter havariet

FREGATT: KNM «Helge Ingstad» havarerte i november i fjor.

Foto: Emil Wenaas Larsen / Forsvaret

Svekka av fregatthavari

Eit anna spørsmål er kva Noreg skal gjere etter at fregatten KNM «Helge Ingstad» havarerte. Forsvarsevna til Noreg er svekka etter tapet av fregatten, som kolliderte med eit tankskip i Hjeltefjorden i Hordaland 8. november i fjor. Den står ikkje til å redde.

– Det gjer at talet på overflatefartøy i Marinen er kome under nivået vi anbefalte som minimum for fire år sidan, seier forsvarssjefen.

For å bøte på den manglande kapasiteten, blei Forsvaret løyvd 105 millionar kroner for å gjere mellombelse tiltak. Mellom anna ville forsyningsskipet KNM «Maud» få dobla mannskapet og talet på seglingsdøgn.

Forsvarsministeren: Dagens forsvar for lite robust

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) fekk overlevert rapporten, som kan lesast her. Statsråden uttalte at han vurderer rådet frå forsvarssjefen som grundig.

– Aktivitetsnivået som kjem av endra føresetnader rundt oss har vist oss at dagens forsvar er for lite robust. Personelldelen er eit viktig punkt å adressera. Den teknologiske utviklinga gir oss utfordringar som må følgast, seier Bakke-Jensen.

Forsvarsministeren seier han treng tid på å sette seg inn i alternativa frå forsvarssjefen.

– Eg syns det eg har sett til no er eit godt dokument. Det gir oss mange gode innspel til det som no blir ein politisk diskusjon. For regjeringa sin del har vi sagt at det er openbert at vi vil halda fram å styrke forsvaret.