Forsvarsministeren etter «Helge Ingstad»-rapport: – Heilt uhaldbart

Tynn bemanning, uerfarent mannskap og eit «system som har svikta». Kritikken haglar mot forsvarsleiinga etter den ferske fregattrapporten.

Fregatten Helge Ingstad krenger heftig i vannskorpen

FORLIS: Eitt av fleire nKNM «Helge Ingstad» forliste etter å ha kollidert med lasteskipet «Sola TS» i Hjeltefjorden utanfor Bergen i november 2018.

Foto: Kystvakten

– Det mest alvorlege vi må gripa fatt i er evna organisasjonen har til å læra av feil, seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) til NRK.

Onsdag la Statens havarikommisjon fram andre delrapport etter ulukka der fregatten KNM «Helge Ingstad» forliste i Hjeltefjorden i 2018.

Hovudkonklusjonen er at fregatten til 4,3 milliardar kroner kunne vore berga:

  • Manglande opplæring og dårleg trening gjorde ikkje mannskapet i stand til å handtere situasjonen som oppstod.
  • Mannskapet evakuerte fregatten utan å stenge dører og luker. Ei nedstenging kunne ha hindra at fregatten sank.

No kommenterer statsråden, som er øvste ansvarlege for Forsvaret, rapporten for første gong.

– Havarikommisjonen påpeikar avvik som er melde inn, men som ikkje er følgde opp og at dette har hatt innverknad på havariet. Det er heilt uhaldbart og noko eg saman med forsvarssjefen vil gripa fatt i, seier Bakke-Jensen.

Frank Bakke-Jensen

REAGERER: Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) om den nye rapporten til Havarikommisjonen.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

Får kritikk

Samtidig får forsvarsministeren kritikk frå fleire hald etter framlegginga av rapporten.

Mangel på erfaring hjå mannskap har gjennom fleire år har vore eit tema i tilbakemeldingane frå dei som jobbar i Sjøforsvaret.

– Rapporten underbygger det me har sagt i lang tid: Utskiftinga av mannskapet på norske fregattar går for fort. Besetningen har ikkje jobba lenge nok på fartøyet og har ikkje god nok kompetanse. Då blir me sårbare, seier forbundsleiar i Noregs Offisers- og spesialistforbund, Torbjørn Bongo.

Han lurer på kva forsvarsministeren vil gjera.

– Mannskap sluttar for tidleg, og erfaringsnivået er difor lågare enn det burde ha vore. Kunne me ha unngått ulukka dersom me hadde hatt eit meir erfarent personell? Viss svaret er ja, kva gjer me med det?

Forklaringsvideo frå Havarikommisjonen.

SJÅ GJENNOMGANG: Forklaringsvideo frå Havarikommisjonen om forliset til fregatten.

Nato-land med dobla besetning

Ifølge rapporten var KNM «Helge Ingstad», som resten av den norske fregattflåten, besett etter premissen om «Lean manning concept» (LMC).

Eller «skrint bemanna» på norsk. For Noreg sin del betyr det at fregattar opererer med ein besetning på drygt halvparten av det som er standard besetningsstorleik i andre Nato-land.

Sjøforsvaret utarbeida bemanningsplanen for fregattane tilbake i 2004.

Dette innebar blant anna at bemanninga «primært var dimensjonert i samsvar med Forsvarets ambisjon om lågast moglege driftskostnader», heiter det i kommisjonen sin rapport.

Den tidlegare skipssjefen på fregatten KMN «Oslo», Jacob Børresen, meiner det er på tide å retta kritikken mot den øvste forsvarspolitiske leiinga.

– Det er systemet som har svikta. Ansvaret ligg hos sjefen for Sjøforsvaret, sjefen for Marinen, forsvarssjefen og forsvarsministeren. Statsråden har eit tungt politisk ansvar i denne saka, meiner Børresen.

Han seier storleiken på bemanninga fører til at evna til å handtere kritiske situasjonar blir redusert.

– Ein person kan berre vera på ein stad av gangen. Ein vil neppe kunne skaffe seg like tung kompetanse, eller få øvd og trent nok på fleire ting, som på éin funksjon han er spesialist på, utdjupar han.

Jacob Børresen

FORSVARSANALYTIKAR: Pensjonert flaggkommandør Jacob Børresen.

Foto: Bjørn Halfdansen / NTB scanpix

Andre slåande rapport på få dagar

Havarikommisjonen har denne veka gitt ut to rapportar om Forsvaret.

Den andre handlar om ei nesten-ulukke i Nordland i mars i fjor, der eit Hercules-fly med åtte mann om bord var under eitt sekund frå å kollidere med fjelløya Mosken i Lofoten.

– Spesielt med tanke på Kebnekaise-ulukka i 2012 og andre ulykker i Forsvaret, så er det svært alvorleg at ein tilsynelatande ikkje får til god nok læring og ikkje gjorde gode nok risikovurderingar denne gangen heller, seier direktør William Bertheussen.

I begge dei ferske rapportane peikar Havarikommisjonen på fleire organisatoriske årsaker som er med å bidreg til at det lenger nede i systemet anten går gale, eller nesten gale.

– Det er stort forbetringspotensial i heile forsvarssystemet, med departementet på topp og aktørar som Sjøforsvaret, Luftforsvaret og Forsvarsmateriell under. Det er ufullstendig regelverk, fordeling og definering av roller, samt mangelfull og lite heilskapleg tilsynsordning, seier Bertheussen.

I «Helge Ingstad»-rapporten blir det utdjupa av mangel på heilskapleg tilsynsordning kan ha «påvirket sikker drift i forsvarssektoren».

– Her må statsråden erkjenna at deler av ansvaret og dei bakanforliggande årsakene ligg på hans bord, seier Bongo i Noregs Offisers- og spesialistforbund.

Øygarden, fregatt med slagside

GJEKK TAPT: Fregatten blir i løpet av 2021 hogga opp.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB

Forsvarsministeren: – Vi har løyvd pengar

Frank Bakke-Jensen svarar at han er samd i Havarikommisjonen sine vurderingar av at tilsynet ikkje har vore godt nok.

– Dette er noko departementet har gripe fatt i. Vi er i gang med å endre organiseringa for å sikra sjølvstende.

Når det kjem til kritikken mot bemanningen, svarar statsråden at Stortinget vedtok ei auke i samband med langtidsplanen for forsvarssektoren.

– Det er løyvd pengar og frigjort ressursar for fem fulle besetningar på Nansen-klasse fregattar.

Han viser også til ordninga som vart starta i 2016, med innføring av to kategoriar for militært tilsette der den eine er eit spesialistkorps.

– Målet er at dette skal legge til rette for balansert personellstruktur og styrka kontinuiteten og den erfaringsbaserte kompetansen på lågare nivå i Forsvaret. Det er vesentleg for å styra den operative evna til Forsvaret, seier Frank Bakke-Jensen.