Hopp til innhold

Forsvaret: – Det største risikomomentet er vêret

HAAKONSVERN (NRK): Etter fleire dagar med sikringsarbeid, har Sjøforsvaret no ein konkret plan for korleis og når fregatten skal opp frå havet.

SJÅ PRESSEKONFERANSEN: Sjå reprise av pressekonferansen søndag ettermiddag.

Representantar frå Sjøforsvaret, Forsvarsmateriell og Kystverket heldt søndag ettermiddag pressekonferanse om berginga av fregatten som ligg i fjøresteinane ved Stureterminalen.

Det var grytidleg torsdag morgon 8. november at KNM «Helge Ingstad» kolliderte med oljetankaren Sola TS.

Under pressekonferansen blei ein plan for heving og transportering av fartøyet presentert.

– Vi vil vere så opne vi kan

Etter fleire dagar med sikringsarbeid, går Sjøforsvaret no inn for berging av fartøyet.

– Det har vore mitt ansvar å sikre området, seier Yngve Skoglund, sjef for operasjonar i Sjøforsvaret.

Pressekonferanse

VÊRET ER EIN RISIKO: Ifølgje Forsvaret er vêret den største risikoen i samband med hevinga av fregatten.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Det er Forsvarsmateriell som står for bergingsarbeidet. Prosjektleiar og kommandørkaptein, Thomas Wedervang, fortel at berginga blir utfordrande.

– No har vi fullt og heilt fokus på å heve KNM «Helge Ingstad» og frakte den til Haakonsvern for å få oversikt over skadane. Vi vil vere så opne vi kan om planen for berging.

– Stort fokus på miljø

Den nederlandske kranbåten «Gulliver» kom søndag morgon fram til Hanøytangen på Askøy. «Gulliver» og søsterskipet «Rambiz» skal løfte og heve fregatten.

Kranbåten Gulliver er i Hjeltefjorden i forbindelse med redningsarbeidet.

PÅ PLASS: Kranbåten Gulliver er på Hanøytangen i Askøy i forbindelse med redningsarbeidet.

Miljøfokuset står sentralt hos bergingsaktørane.

– Vi har sjølvsagt stort fokus på miljø, og korleis vi skal tømme fartøyet for både drivstoff og olje medan vi løftar det, seier Wedervang.

Kystverket har sidan havariet jobba med å hindre utslepp frå skipet.

– Kystverket vil ha beredskap heilt fram til skipet er tømt og frakta til Haakonsvern, seier beredskapsdirektør i Kystverket, Johan Magnus Ly.

Ein kompleks operasjon

Ifølgje prosjektleiar i Forsvarsmateriell, Arild Øydegard, er dette ein kompleks maritim operasjon, og at dei derfor har med seg dei aktørane som er relevante for å gjennomføre risikoanalyse.

Han fortel at ein er i ferd med å gjennomgå utstyret som skal brukast under hevinga. Dei skal også starte å tømme tankane for drivstoff før sjølve hevinga.

Forsvaret har ikkje oversikt over kva delar av fregatten som er fulle av vatn, og vil kartlegge og tømme den undervegs medan hevinga føregår.

Helge Ingstad under vann, bare fronten og tårnet stikker opp

NESTEN UNDER VATN: Fregatten er nesten under vatn etter at fleire vaierar rauk tysdag morgon.

Foto: Jakob Østheim / Forsvaret

Tar ingen risiko

Forsvaret har tidlegare fått kritikk for feste fregatten til land med vaierar. Vaierane stod slik for å sikre fartøyet horisontalt, ifølgje Forsvaret.

– Arbeidet med å sikre havaristen har heile tida vore å bruke vaierar. Fregatten ligg i ei skråning, og har lege stabilt sidan tysdag, seier Yngve Skoglund.

Når fregatten skal hevast, skal det takast i bruk kraftige kjettingar.

– Dei er store og kraftige, og kan føre til skader på skroget. Dei må førast under fartøyet, og dette arbeidet startar truleg til veka, seier Øydegard.

Ifølgje Forsvaret er det gjort grundige risikovurderingar undervegs, sjølv om det alltid er ein viss risiko for at noko kan skje under ein slik operasjon som heving av fregatten.

– Det største risikomomentet er vêret, men det handlar mest om tida det tar, seier Øydegard.

Ved hjelp av nedskalerte kopier av fregatten «Helge Ingstad» og tankskipet Sola TS, viser NRKs reporter Hallvard Sandberg hvordan han tror sammenstøtet skjedde.

Ved hjelp av nedskalerte kopiar av fregatten «Helge Ingstad» og tankskipet Sola TS, viser NRKs reporter Hallvard Sandberg korleis han trur samanstøyten skjedde.

Vakthavande meteorolog Oddlaug Nese, fortel til NRK at det er venta lite vind i området der fregatten ligg.

– Det er venta eit høgtrykk over Sør-Noreg den kommande veka. I området rundt Hjeltefjorden vil det ikkje komme sterke bølgjer.

Det er venta litt vind på tysdag kveld, men utover det skal vindforholda halde seg bra.