Hopp til innhold

Forsvaret skal øve med helikopter i bergensområdet

Denne veka vil Forsvaret øve med Bell 412-helikopter i bergensområdet.

– For å skape realistiske scenario blir dette gjort i ulike delar av landet, og også i tettbygde område, skriv Forsvaret i ei pressemelding.

Til Bergens Tidende seier major i luftforsvaret, Stian Roen, at dei ikkje kan seie noko nærmare om kor eller når øvingane vil skje.

Et Bell-412 SP helikopter i lufta over Oslofjorden
Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix