Hopp til innhold

Forsvarar: – Den drapssikta har det veldig tungt

Den drapssikta 27-åringen i Florø var ikkje i stand til å møte i fengslingsmøtet søndag.

Malin Skorpen Østvik

LUKKA DØRER: Advokat Malin Skorpen Østvik motsette seg ikkje at fengslingsmøstet etter drapet i Florø gjekk bak lukka dører.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Advokat Malin Skorpen Østvik, som forsvarar den sikta, møtte mannen kort tid før fengslingsmøtet.

– Til no har det vore vurdert som ikkje forsvarleg å ta noko avhøyr av han. Det fortel litt om tilstanden hans, seier Østvik.

– Tek det veldig tungt

Mannen vart teken hand om av helsepersonell etter at han vart pågripen fredag for å ha drepe ei 51 år gamal kvinne med kniv. Kvinna, som ikkje har fast bustad i Noreg, var på besøk i huset, der mannen bur med mor si.

Politiadvokat Eli Valheim

RESTRIKSJONAR: Det er førebels uvisst kor lang varetektsfengsling og kva restriksjonar politiadvokat Eli Valheim vil be Sogn og Fjordane tingrett om.

Foto: Truls Kleiven

Politiet vil ikkje kommentere motiv eller omstenda kring drapet.

Fengslingsmøtet søndag klokka 13 går for lukka dører. Det er førebels uvisst kor mange veker varetektsfengsling politiadvokat Eli Valheim vil be Sogn og Fjordane tingrett om.

Under pressebriefen laurdag sa Velheim at politiet truleg vil be om brev- og besøksrestriksjonar.

Politiadvokaten har søndag ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.

Malin Skorpen Østvik

FORSVARAR: Malin Skorpen Østvik er oppnemnd forsvarar for den drapssikta 27-åringen i Florø.

Foto: Advokat Vest

Avhøyret som var planlagt laurdag vart det ikkje noko av. Østvik seier mannen førebels ikkje har teke stilling til verken straffskuld eller fengslingsspørsmålet.

– Korleis tek din klient det som har skjedd?

– Han tek dette veldig tungt. Han er i ein utruleg vanskeleg situasjon.

Lukkar truleg dørene

Politiet ynskjer at mannen skal igjennom ei rettspsykiatrisk undersøking, ei sokalla judisiell observasjon. Ei slik vurdering helsar Østvik velkomen.

– Han har eit opphald på institusjon no, og ein vurderer om det kan vere element her som talar for at han kanskje ikkje har vore tilrekneleg, seier forsvararen og ynskjer ikkje å utdjupe det nærare.

At påtalemakta ynskjer å kome raskt i gang med denne observasjonen, kan vere ei av årsakene til at fengslingsmøtet vart flytta frå måndag til søndag.