Hopp til innhold

Forsvarar at politiet lét nynazistane gå

Regionlensmann i Sogn, Ap-politikar og mangeårig leiar i Politiets Fellesforbund forsvarar politiet sin handlemåte under nazimarsjen i Kristiansand.

Arne Johannessen

MÅ TOLE: Ytringsfridomen er ein kjerneverdi i samfunnet, sjølv for utolelege haldningar, meiner regionlensmann Arne Johannessen.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Eg blir veldig overraska over at så mange politikarar og andre er så lite prinsipielle i slike debattar. Og som heilt openbert meiner at ytringar som dei sjølv ikkje likar, bør stoppast.

– Det er ikkje bra. Full ytringsfridom er ein utruleg viktig verdi i demokratiet. Også for meiningar som er forkastelege. Det er nedfelt i grunnlova, og på ein måte demokratiets pris, seier Arne Johannessen.

Sterke kjensler

Den tidlegare, mangeårige leiaren av Politiets fellesforbund tok til pennen i eit privat Facebook-innlegg etter debatten som oppstod etter marsjen. Men forstår at folk reagerer med sterke kjensler på at nynazistar marsjerer.

Han tykkjer likevel at politiet i Kristiansand har svart klokt på kvifor dei gjorde som dei gjorde.

– Vi hadde same debatten i høve Blitz sine kraftige demonstrasjonar på 80-talet. Då meinte mange at politiet gjekk for hardt til verks. Og no får politiet kritikk for det motsette. Det viser kor vanskeleg det er å handheve slike prinsipp, seier Johannessen.

Han meiner politiet gjorde rett i å hindre at situasjonen eskalerte då nynazistane brått dukka opp.

– For det var jo nettopp det som skjedde mot Blitz. Då vart det gatekampar og stygge situasjonar.

– Kvifor skal vi tole at nazistar får demonstrere i gatene?

– Vi skal tole at alle får demonstrere i gatene. Det er ein kjerneverdi i demokratiet.

Ikkje under jorda

– Korleis skal folk som tykkjer nazistane sine handlingar er ubehagelege, møte dette?

– Eg trur det er viktig å vise avsky. Eller motdemonstrere. Men haldningar som blir forbode eller som ikkje får lov til å vise seg, får kanskje endå større grobotn om dei må under jorda. Det er ingen god strategi.

Johannessen vedgår at vurderingane som politiet må gjere, er vanskelege.

– I slike saker får politiet alltid kritikk frå nokre politiske retningar. Det er ofte politikarar eller politisk medvitne personar som kritiserer. Men eg trur vi skal vere stolte av at Norge har eit politi som forstår demokratiske prinsipp og som spelar på lag med dei viktige kjerneverdiane. I mange land ser vi politiet springe styresmaktene sitt ærend. Og vi ser kva utslag det kan få, seier Johannessen.

– Valdelege

Leiar Rune Berglund Steen i Antirasistisk Senter meiner det bør finnast ein mellomting mellom Blitz-demoane og nynazist-marsjen som han meiner politiet la til rette for.

– Det politiet no har gjort, er å skape ein situasjon der nynazistane vil ta seg til rette i andre byar. Dei veit at politiet ikkje vil gripe inn, og kan sjå på dette som ein siger.

– Grunnlova skal også trygge oss. Svenske forskarar reknar nynazistgruppa for ein terrororganisasjon. I løpet av eitt år har dei drepe ein motdemonstrant i Finland og angripe politiet i Stockholm. Då er dei eit trugsmål mot ro og orden, noko som politiet må ta omsyn til, seier Berglund Steen.