Hopp til innhold

Første Florø-poenget

I den sjuande serieomgangen tok Florø Sportsklubb sitt første poeng i årets 3. divisjon.

Florø-jubel 16. mai 2007

Florø kan juble for årets første poeng. Arkivfoto.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det vart uavgjort 1-1 mot Sogndal 2 i Sognahallen tysdag kveld.

Florø i leiinga

Florø hadde leiinga 1-0 ved pause, etter at Torstein Grytten skåra alt etter sju minutts spel.

Men 23 minutt ut i andre omgang utlikna Oddbjørn Skartun for vertane.

Framleis jumboplass

Poengdelinga gjer at Sogndal 2 passerte Eid på tabellen og la seg på sjetteplassen med 12 poeng. Florø må finne seg i å inneha jumboplassen endå nokre dagar. Det er to poeng opp til Kaupanger og Vik.

Fire poengs forsprang

Tornado Måløy har fått ei luke på fire poeng til Stryn og Årdal FK. Vågsøy-laget har tapt poeng i berre ein kamp i år, det var mot Førde, og då kom utlikninga til Førde på overtid.

Mot Kaupanger

Og det skal skje mykje rart dersom Tornado Måløy avgir poeng i komande serierunde. Då er det bortekamp mot Kaupanger, som leverte ei sørgjeleg førestilling mot Førde sist laurdag (tap 12-0).

Her kan du tippe utfallet av kampane i den åttande serierunden.