Oppgitt over byråkratspråket

Skjønar du alltid kva toppleiarar, politikarar eller byråkratar seier? Svarar du nei, er du ikkje den einaste.

Sylfest Lomheim og byråkratsprsåk

OPPGITT: Språkforskar Sylfest Lomheim synest ikkje noko om byråkratspråk.

Foto: NRK

Språket vårt er noko av det viktigaste vi har, men ikkje alle klarer å formidle det dei har på hjartet. Byråkratspråket er utbredt, men dei fleste slit med å forstå det.

– Det er mange som går rundt grauten, og brukar vanskelege ord som ingen forstår. Byråkratar snakkar med store og vanskelege ord, og det er ikkje bra, seier språkforskar Sylfest Lomheim.

  • Kva meiner du om byråkratspråk? Skriv kommentar nede i saka!

Kva betyr det eigentleg?

Kva betyr det at det er ein ekplosjon som skal bestå?, slik som fagdirektør i Helse Førde, Hans Johan Breidablik, prøvde å forklare når han var med på ein lokalsjukehusdebatt førre måndag:

– Vi har ein eksplosjon i medisinsk teknologi som må ha eit betydeleg pasientgrunnlag for å kunne bestå. Og så har vi ein kommunikasjonsmessig eksplosjon i forhold til det vi har.

Norsk språkforskar, Sylfest Lomheim, er ikkje begeistra over utsagnet til Breidablik.

No skal eg ikkje vere ein sur språkmann som løftar peikefingeren, men skal eg seie noko om kvaliteten på språket hans, så er det veldig negativt. Dette er ikkje god språkbruk. Det ikkje forståeleg. Det er rett og slett dårleg.

Sylfest Lomheim

– Ein eksplosjon som skal ha eit grunnlag for å bestå; alle høyrer at det er bortimot meiningslaust. For å seie det rett ut, så er dette ein person som ikkje snakkar klart. Han får ikkje får fram det han har inne i hovudet sitt.

Dette meinte han

Kommunelege Hans-Johan Breidablik.

Hans-Johan Breidablik i Helse Førde

Foto: Andrè Pedersen, VG / Scanpix

Det Breidablik meiner med sitt utsagn, er at medisinar og utstyr blir for dyrt når det er for lite pasientar ved eit lokalsjukehus.

– Grunnen til at vi snakkar slik er at vi ofte snakkar i forsamlingar som kjenner den måten å uttrykke seg på. Elles vil eg tru at relativt mange vanlege folk forstår det vi seier, seier Breidablik.

I 2009 vart det gjennomført ei undersøking som viste at 1,3 millionar vaksne nordmenn har problem med å forstå språket i offentlege skjema.

Byråkratspråket kostar samfunnet rundt 300 millionar kroner i året, det er rekna at kver einaste nordmann brukar ein halv time ekstra i året på å forstå offentlege tekstar.

VIDEO: Her får minister latterkrampe av språk han ikkje forstår

Politispråk

Politiet brukar ofte eit språk som distanserer seg frå publikum, meiner språkforskarar.

Politi seier mellom anna: «Den mistenkte mannspersonen vart påtruffet på bopel». Men det dei eigentleg meiner er: «Den mistenkte mannen vart pågripen heime i huset sitt».

Eit anna eksempel: «Det har vore kontakt mellom vedkommande og eit køyretøy». Men det dei mener er at kvinna vart påkøyrd av ein personbil.

Politiet skriv også ofte at «saka er lagt bort på grunn av bevisets stilling». Meiner dei ikkje at saka er lagt vekk fordi dei manglar bevis?