Promillesikta politimann blir avhøyrd denne veka

Først denne veka startar avhøyra av politimannen som natt til laurdag 20. juni skal ha køyrd utfor med promille i Sogn og Fjordane. I bilen sat to kvinnelege kollegaer av mannen.

Ulykke - politimann mistenkt for promillekøyring.

KØYRDE I STOLPE: Natt til laurdag 20. juni hamna denne bilen i grøfta og velta oppetter ein stolpe i ei lita bygd i Sogn og Fjordane. Først neste morgon kom naudetatane til staden.

Foto: Politiet

Det er Møre og Romsdal politidistrikt som skal etterforske saka, men det har gått over ei veke å få sakspapira frå Vest politidistrikt i Bergen til Ålesund.

– Den har gått igjennom statsadvokaten i Hordaland og Sogn og Fjordane til Statsadvokaten i Møre og Romsdal. Dei har då igjen sendt saka vidare til oss, seier politiadvokat Jan Roar Gidske til NRK.

NRK har stilt ei rekkje spørsmål til politiet i Møre og Romsdal om saka, men Gidske kan ikkje svare konkret på nokon av dei.

Etterforskinga har rett og slett ikkje kome i gang.

Kjem i gang denne veka

Vi har blant anna spurt om følgjande:

  • Kva blei resultatet av utandingsprøva / blodprøva som blei tatt då politiet kom til staden dagen etterpå?
  • Kor alvorleg ser politiet i Møre og Romsdal på denne saka?
  • Har den sikta politimannen forklart seg? Kan de i så fall seie noko om kva han har forklart?

– Det kan eg ikkje gå inn på no. Kan ikkje kommentere noko på det. Eg kan ikkje seie noko om han vedgår skuld, seier Gidske.

Politiet i Møre og Romsdal satsar no på å få gjennomført avhøyr denne veka.

– Det er jo våre folk som må reise til Vest politidistrikt og foreta avhøyr og undersøkingar. Det er avstand og ferietid og då tek det litt meir tid enn det normalt sett brukar å ta i ei slik type trafikksak.

Framleis suspendert

Politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, seier til NRK tysdag ettermiddag at den promillemistenkte politimannen framleis er suspendert frå stillinga si.

– Det er ei utruleg kjedeleg sak. Det er ein politibetjent som er suspendert med mistanke om promillekøyring. Han er sikta i saka, sa Johannessen til NRK 23. juni.

Politiadvokat Jan Roar Gidske vil ikkje gje seg inn på noko vurdering av kor alvorleg dei som etterforskar saka ser på saka.

– Alvoret i saka vil vise seg utifrå den etterforskinga som kjem. Vi ser alvorleg på alle type trafikksaker. Så saka blir tatt på høgste alvor her, slår han fast.