Først i landet med nye kart


Som det første fylket i landet, utviklar Sogn og Fjordane kart over jordbruksareal ute av drift, og areal som er leigejord. Fylkesmannen håpar informasjonen kan hjelpe bønder og rådgjevarapparatet til å finne kva areal som er ledig for leige. Etter tørkeskaden i sommar håpar dei at oversikta blir ein god reiskap for å finne areal som kan nyttast til fôrproduksjon.