Klare krav frå friluftsfolket: – Ta med boset ditt

Alt frå telt til stolar vert lagt igjen i naturen. Friluftsfolket fryktar at det skal bli ein skikkeleg søppel-sommar når «alle» nordmenn skal på ferie i eige land.

Gaularfjellet pinsen 2020.

FORSØPLING: I helga tok mange turen til snø og sol på Gaularfjellet. Men ikkje alle tok boset sitt med heim.

Foto: NRK-tipsar

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Oppdatert 3.juni kl. 07.30: Lagt inn kommentar frå Bremanger kommune.

For sommaren byrja ikkje bra med tanke på kva folk legg igjen etter seg.

– Det er heilt utruleg at folk ikkje kan ta med sitt eige avfall når dei har vore på tur, fortel ein av dei som i helga tok bilete av forsøplinga.

Både langs kysten og i fjellet var det reine folkevandringa sist helg og dei aller fleste tek ansvar, fortel tipsarar til NRK.

– Men nokon er rett og slett nokre grisar. Vi fann til og med avføring som ikkje var forsøkt dekka til eller grave ned, får NRK opplyst.

Ein av dei som er uroa for ein søppel-somnmar og at folk ikkje ryddar etter seg, er Bergen og Omland friluftsråd. Det fekk dei ein forsmak på allereie i pinsa.

– Folk er flinke til å ta med seg mat og utstyr til friluftsområdet, men tar det ikkje med seg tilbake igjen. Ein god del blir lagt igjen, seier dagleg leiar Dag Seter.

– Vi blir leie oss når vi ser at folk grisar og rotar unødvendig mykje, seier han.

Finn bos på trappa

Leiar i Sogn og Fjordane turlag, Siv Merete Stadheim, vonar at mange brukar ferien på å oppsøke naturen.

– Men det er utruleg viktig at folk som er ute på tur tar med seg søppel. Det er ein god regel å forlate ein plass slik som ein finn den, seier Stadheim.

I naturperla Vetvika i Bremanger, ønskjer hytteeigar Frode Holmefjord folk hjarteleg velkomen.

Men han tykkjer lite om at folk ikkje klarer å få med seg rot og bos heim att.

– Alt frå stolar, nedpakka telt og bosposar er bore til døra vår og blitt forlate, seier Holmefjord til NRK.

Også dotrengde turistar har vore eit problem i naturperla. Bremanger-ordførar Anne Kristin Førde (Ap) seier dei har gjort avtale med ein grunneigar om å sette opp eit biotoalett i Vetvika. Toalettet vil truleg vere på plass innan juni.

Fyller opp naturen og søppelspann

Over store deler av landet førte godvêret til at utferdstrongen var stor, også i dei store byane. I Oslo var søppelspann overfylte og rundt var det stabla eingongsgrillar og rot.

Men ute i veglause Vetvika er det ingen som kjem og hentar boset neste morgon. Her må ein stole på at turgåarane tek med seg att det dei bar over fjellet.

– Eg ynskjer alle velkomen, men ta med boset ditt, slår Homefjord fast.

Både i Vetvika der han har hytte og over resten av landet vil turgåarar fylle parkar, strender, løyper og stiar dei neste vekene og månadane.

Kvar er dette?

IDYLL: I den veglause grenda Vetvika budde det folk fram til 1950-talet. No har det blitt eit ynda turmål.

– Viktig å rydde opp etter seg

I turistkommunen Sogndal likar ordførar Arnstein Menes dårleg at ikkje alle er like flinke til å rydde etter seg.

– Det er viktig at folk ryddar opp etter seg, så skal vi prøve å gjere det vi kan for å gjere det fint når folk kjem på besøk, seier Menes.

Dei skal no i ein dialog med Statens vegvesen og klargjere korleis dei skal fordele ansvaret fram mot sommarferien.

Oppmodinga frå turlagsleiar Siv Merete Stadheim er uansett tydeleg nok.

– Vi som turgåarar må ha det klart føre oss at det vi greier å bere med oss ut, må vi greie å bere med oss tilbake.

Forsøpling i Bøyadalen i Fjærland pinsen 2020.

FJÆRLAND: I Bøyadalen i Fjærland «gløymde» nokon å ta med søpla si heim.

Foto: NRK-tipsar

Status Norge

Sist oppdatert: 03.07.2020
8895
Smittet
14
Innlagt
252
Døde