Hopp til innhold

Styrkar vakthaldet etter varsel om lokkemann

Mann skal ha forsøkt å lokke gut bort til bilen sin. Skulen har åtvara foreldre på tekstmelding og forsterka vakthaldet.

Ågotnes skule

ÅGOTNES SKULE: Lokkinga skal ha skjedd like ved skulen i 13.00-tida onsdag.

Foto: Skjermdump / Google Street View

FAU åtvarer foreldre på tekstmelding

SENDTE SMS: Her er meldingane som FAU og leiinga ved Ågotnes skule sendte ut til foreldra i går kveld og i dag tidleg.

Foto: Skjermdump / NRK

Politiet på Sotra leitar etter ein mann som skal ha forsøkt å lokka ein gut i barneskulealder. Det skal ha skjedd like ved Ågotnes skule i går ettermiddag.

– Mannen skal ha forsøkt å lokke guten bort til bilen sin, fortel politibetjent Torbjørn Mørk til NRK. Det er guten som har fortalt politiet kva som skjedde.

Lokkinga skal ha skjedd på området der skuleelevane blir henta, i 13-tida. Politiet er tilbakehaldne med opplysningar i saka.

Sende ut varsel

Skuleleiinga vart i samråd med politi og FAU samde om å varsla foreldre som har elevar på skulen. I går kveld sende dei ut den første tekstmeldinga.

«OBS! Ein gut [ ...] vart forsøkt lokka bort til ein bil utanfor ÅGT skule ca. kl. 13 i dag. Politiet er varsla/det er alt vi veit. FAU/ADM» heiter det i tekstmeldinga.

– Foreldre eg har vore i kontakt seier det var greitt at vi gjekk ut med dette. Det ville vore feil å ikkje informere, seier FAU-leiar Ken Anton Kartfjord.

Held vakt

Skulen har også sendt ut ein melding på morgonen i dag, der dei informerer om at dei styrkar vakthaldet ute.

«God morgon! I samband med guten som vart forsøkt lokka bort til ein bil utanfor ÅGT skule i går, vil vi i dag ha forsterka vakthald ute. ADM»

Har du tips i saka kan du kontakte politiet på telefon 02800.