Hopp til innhold

Distriktsopprør mot forslag om å sentralisere Konfliktrådet

Talet på kontor under Konfliktrådet kan bli redusert frå 22 til 12. No ligg det an til ny distriktskamp, kort tid etter massive protestar mot inndelinga av politidistrikta.

Arne Johannessen er politileiar i Sogn og Fjordane

OVERRASKA: Arne Johannessen er kritisk til forslaget om å flytte konfliktrådet frå Sogn og Fjordane til Bergen. Kan i verste fall føre til meir kriminalitet, seier han.

Foto: Bård Siem / NRK

– Det er eit særs dårleg framlegg. Det å ha eit konfliktråd lokalisert med personar nært brukarane er viktig. Samarbeid mellom politi og konfliktrådet har gitt oss gode resultat i mange saker, seier politiinspektør Arne Johannessen, som også er leiar for geografisk driftseining i Sogn og Fjordane.

Han fryktar at Førde-kontoret, og dermed medarbeidarane der, må flytte til Bergen. Det betyr lengre avstand til brukarane dei tilsette skal mekle for.

Sekretariatet ønsker at konfliktråda i landet skal følge den nye inndelinga av politidistrikta og at talet på kontor blir reduserte frå 22 til 12.

Johannessen er særleg bekymra for oppfølginga i saker der ungdom er involvert. I dag har konfliktrådet ordningar både rundt ungdomsstraff og andre formar for oppfølging.

– Flytting vil gå ut over konfliktrådet si moglegheit til å følge opp saker på ein god måte. Nærleiken mellom konfliktrådet sine representantar og ungdommane er viktig. Alle skjøner at det å bruke så mykje tid til køyring og reising frå Bergen er heilt meiningslaus bruk av tid.

I verste fall meiner politiinspektøren at flyttinga kan føre til meir kriminalitet, på grunn av mindre fagleg oppfølging.

– Det er ei svekking. I verste fall vil det føre til at fleire vil halde fram si kriminelle løpebane som vi ikkje får stoppa.

Ber politikarane handle

Dei siste vekene har reaksjonane kome frå heile landet.

  • Ordførar Kjell Neergaard i Kristiansund stiller seg uforståande til forslaget om å flytte tre stillingar ved konfliktrådet i Kristiansund til Ålesund. Neergaard seier til Tidens Krav (bak betalingsmur) at reiseavstandane gjer at han ikkje skjønner logikken med ei slik samling.
  • Ordførar i Vågan, Eivind Holst, seier til Avisa Nordland (bak betalingsmur) at han er skeptisk til at offentlege stillingar blir flytta frå Lofoten til kommunar som allereie har høg andel av offentlege stillingar.

Arne Johannessen høyrde om planane, heilt tilfeldig.

– Eg oppfattar at dette er ein prosess som er styrt frå Oslo og sekretariatet for konfliktrådet. Dette er eit utkast som no er levert til Justisdepartementet. Eg håper verkeleg at politikarane tek tak i saka, seier han.

Vil bli meir fagleg robust

Lise Sannerud

MEIR ROBUST: Direktør i Konfliktrådet, Lise Sannerud, meiner færre kontor fører til meir robuste fagmiljø.

Foto: Konfliktrådet

Leiinga i Konfliktrådet seier forslaget er sendt til Justisdepartementet for få dagar sidan. Ho forsvarar forslaget om færre kontor med fleire tilsette.

– Vi har i dag få tilsette ved kvart kontor. Vi er sårbare. Det er meir komplekse saker no enn tidlegare. Oppdraga vi får inn krev nye arbeidsmetodar, seier direktør Lise Sannerud.

Ho avviser at lengre avstandar vil føre til dårlegare tenester.

– Vi vil sjølvsagt vere oppteken av at saker med stor kompleksitet skal få den naudsynte oppfølginga. Vi har mål om å jobbe på smartare måtar, seier Sannerud, som viser til at Konfliktrådet har hatt den same organiseringa sidan 2004.

Etter planen skal leiinga i Justisdepartementet ta ei avgjerd i saka før sommaren.

– Rapporten er no til behandling i departementet. Førebels er det ikkje teke noko beslutningar om framtidig organisering, eller den vidare prosessen, skriv statssekretær Sveinung Rotevatn (V)