Hopp til innhold

Forslag om mjukare reglar kjem for seint for Sabrin og ungane

Ny rapport foreslår tiltak for å mjuka opp regelverket i utvisingssaker som rammar barn. Justisdepartementet vil likevel ikkje endra praksis.

Sabrin Mohammed Ali med ein av sønene sine

FOR SEINT: Myndigheitene vil senda tobarnsmora Sabrin Mohammed Ali til Sudan, fordi dei meiner ho ikkje har snakka sant om kvar ho kjem frå. Ei eventuell oppmjuking av reglane kjem truleg for seint for ho.

Foto: Andrea A. Krüger / NRK

Vesle julaftan fekk Sabrin Mohammed Ali melding frå Utlendingsnemnda (UNE) om at ho er utvist frå Noreg.

UDI og UNE meiner ho har brote utlendingslova ved å hevda at ho er frå Eritrea og ikkje Sudan.

At sønene Muaz (2) og Bilal (4) og faren deira har norsk statsborgarskap og blir att i Noreg, hjelpte ikkje. Vedtaket er endeleg.

Ein ny rapport kjem no med forslag til å mjuka opp regelverket i utvisingssaker som Sabrin si.

Eit av forslaga er at den som bryt utlendingslova som hovudregel ikkje skal visast ut, dersom det er best for familien å bli buande i Noreg.

Det blir òg foreslått ei raskare avklaring om opphaldsløyve for personar som er mellombels utviste, slik at familielivet kan halda fram i Noreg.

Genet Gemedo Hensene må reise fra barna sine etter 11 år i Norge.

TO NORSKE BORN: Genet Gemedo Hensene er òg utvist frå Noreg. Grunnen er at ho har brote plikta ho har til å reisa frå landet etter å ha fått avslag på asylsøknaden sin i 2012. I mellomtida har ho fått to born med ein norsk statsborgar.

Foto: Helena Heimer Rognstad / NRK

Rapporten kjem frå ei ekstern arbeidsgruppe som vart sett ned av Solberg-regjeringa i fjor sommar.

– Me har sett på om barnets rettar er tilstrekkeleg tekne i vare, forklarer Elizabeth Baumann, leiaren av arbeidsgruppa.

Ho seier norsk praksis kanskje har vore for streng over tid, men at arbeidsgruppa ikkje har haldepunkt for at Noreg bryt folkeretten.

Arbeidsgruppa var delt og mindretalet uttalte at dagens regelverk er godt som det er.

KrF vil setja saker på vent

Med referanse til rapporten foreslo KrF denne veka å setja alle utsendingar som rammar barn på vent, fram til eventuelle forslag til endringar og politisk behandling er ferdig.

– Me meiner det er på tide å ta eit steg tilbake. Me må sjå på evalueringa av dagens praksis og gjera eventuelle endringar før det blir fatta vedtak om å skilja barn og foreldre, eller senda ut heile familiar, seier Dag Inge Ulstein (KrF).

Men det seier justisministeren nei til.

– Det er ingen grunn til å stoppa behandlinga av utvisingssaker no. Arbeidsgruppa har ikkje funne nokon avgjerande skilnader mellom dagens praksis og Noreg sine folkerettslege forpliktingar, seier justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) til Vårt Land.

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) vil reversere den forrige regjeringens domstolsreform og gjenopprette alle landets gamle tingretter.

GODT GRUNNLAG: Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) meiner rapporten er omfattande og grundig.

Foto: Kai Rune Kvitstein / NRK

Kan oppmuntre illegale innvandrarar til å stifta familie

Per-Willy Amundsen (Frp) seier at ei liberalisering av regelverket i verste fall kan oppmuntra illegale innvandrarar til å stifta familie for å få opphald i Noreg.

– Me har allereie ei rekkje eksempel på at myndigheitene ikkje får utvisa valdelege og farlege kriminelle utlendingar, berre fordi dei har tilknyting til barn, seier han.

Grete Wold (SV) seier rapporten peikar på at barnets beste må uttrykkjast tydelegare.

– Folk bør som hovudregel ikkje bli utviste viss ikkje heile familien kan leva saman, seier ho.

Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Lene Vågslid, håpar rapporten startar ein større debatt om utlendingslova.

– Når det gjeld spørsmål om det er grunnlag for å setja saker på vent, er dette ei type avgjerd som ligg til Justisdepartementet.

Demonstrasjon mot at Sabrin Mohammed Ali skal bli sendt ut av landet. Digge Kibreab talar.

STERKE KJENSLER: I desember vart det demonstrert mot at Sabrin Mohammed Ali skal bli send ut av landet. Her talar Digge Kibreab for demonstrantane på Torgallmenningen.

Foto: Andrea A. Krüger / NRK