Forslag om betre vern til yrkesdykkarar
Regjeringa har starta arbeidet med ei ny forskrift som vil gjera at all yrkesdykking i norsk farvatn skal vere omfatta av arbeidsmiljølova.
– Yrkesdykkarar har eit utsett yrke og vi vil at dei skal ha eit heilskapleg verneregelverk gjennom arbeidsmiljølova. Regjeringa foreslår derfor ein forskriftsheimel som skal sikra dei rettane som yrkesdykkarane no har i skipsarbeidarlova samtidig som dei får nye rettar når verna blir over flytta til arbeidsmiljølova, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.