Hopp til innhold

Forslag om å stanse elektrifiseringa av sokkelen opp i Stortinget

Høge straumprisar og framskrivingar for kraftbalansen har svekka entusiasmen for å elektrifisere den norske sokkelen.

Fra oljefeltet Johan Sverdrup

OLJEFELTET JOHAN SVERDRUP: I dag kjem 28 prosent av dei nasjonale utsleppa i Noreg frå sokkelen.

Foto: Carina Johansen / NTB

Framstegspartiet fremmar forslag om å stanse elektrifiseringa av oljeinstallasjonar på norsk sokkel.

Det er ikkje avgjort når Stortinget skal stemme over saka, men «i løpet av februar» vert nemnt som ein moglegheit.

– Det bør vere mogeleg å samle eit fleirtal bak intensjonen i forslaget, seier Terje Søviknes (Frp), som tidlegare har vore olje- og energiminister.

Forslaget er på kant med vedteken politikk om at 16 norske oljeplattformer skal elektrifiserast med straum frå land.

Det er veldig uheldig med ein politisk snuoperasjon motivert av dagens kraftprisar, seier administrerande direktør i Norsk olje og gass, Hildegunn T. Blindheim.

Bakgrunnen for saka er at Noreg har lova å kutte mellom 50–55 prosent av CO₂-utsleppa fram til 2030. I dag kjem 28 prosent av våre nasjonale utslepp frå sokkelen.

Å elektrifisere sokkelen har difor vore ein del av den norske klimastrategien, og så seint som i 2014 vart Solberg-regjeringa «pressa» av opposisjonen til å elektrifisere Utsira-høgda.

Alliansen bestod av Ap, Venstre, KrF, SV, Sp og Miljøpartiet dei Grøne. Men sidan har stemninga snudd hos fleire av dei.

Offisiell åpning av Ivar Aasen-feltet.

SØVIKNES TRUR PÅ FLEIRTAL: Framstegspartiet har fremma eit forslag om å stanse elektrifiseringa av oljeinstallasjonar på norsk sokkel.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Sterke argument mot elektrifisering

SV har historisk sett vore dei ivrigaste til å elektrifisere sokkelen, men i fjor fekk gruppeleiar i Vestland SV, Marthe Hammer med seg fylkestinget på ei uttale om at regjeringa må greie ut spørsmålet på ny.

I tillegg har Rasmus Hansson (MDG) og fleire Høgre-representantar på Stortinget uttalt at dei ikkje lenger vil elektrifisere sokkelen.

– Argumenta mot elektrifisering av sokkelen er sterke. Då må vi nå klimamåla på litt andre måtar, sa energipolitisk talsperson i Høgre, Bård Ludvig Thorheim til Nettavisen før jul.

NRK har snakka med fleire ordførarar frå Arbeidarpartiet som vil kassere eller revidere planane.

Vi må bruke krafta på industriproduksjon og sysselsetjing før vi sender ho ut på sokkelen, seier Per Lerøy (Ap), ordførar i Austrheim.

Høge straumprisar og Statnett-rapporten om at landet styrer mot kraftunderskot innan fem år, gjer at mange har merka seg orda til NVE-direktør Kjetil Lund om at landet er «i ein situasjon» der vi bør «vurdere omfanget av elektrifiseringa».

I tillegg er det spørsmål om korleis det å kutte gassutsleppa på norsk sokkel slår ut i eit større og globalt perspektiv.

Før jul skrev regionavisa i oljehovudstaden, Stavanger Aftenblad, at planen om å erstatte gasskraftverka på plattformene på sokkelen med elektrisk kraft frå land «må vere ein av dei dårlegaste ideane som er klekt ut i Noreg i moderne tid».

Oljeplattform

TENKE NYTT: – Argumenta mot elektrifisering av sokkelen er sterke. Då må vi erkjenne at vi må nå klimamåla på litt andre måtar, seier energipolitisk talsperson i Høgre, Bård Ludvig Thorheim

Foto: Roger Hardy / Samfoto

Dagens politikk er hol i hovudet

Partiet Raudt varslar at dei vil støtte Frp-forslaget om å stanse elektrifiseringa.

Dagens politikk er hol i hovudet, og vi vil ikkje vere med på å sløse bort rein vasskraft på å grønvaske oljenæringa, seier Sofie Marhaug, som er 2. nestleiar i partiet og medlem i olje- og energikomiteen.

Energipolitisk talsmann i Frp, Terje Halleland, seier til NRK at han er glad for at partiet «ikkje lenger står åleine», med unntak for dei som «fablar om å elektrifisere sokkelen med havvind».

Å elektrifisere sokkelen vil koste mellom 10 og 15 TWh i året. Til samanlikning bruker Oslo 9 TWh i året, medan den samla norske vindkraftproduksjonen er rundt 10 TWh.

– Dette forslaget illustrerer godt kva for kraftdilemma vi står i. Vi må unngå at elektrifisering av sokkelen vert ein showstoppar for grøn industri, seier Jon Evang i Miljøstiftelsen Zero (sjå heile svaret i faktaboks).

I regjeringsplattforma står det at «elektrifiseringa i størst mogeleg grad skal skje med havvind eller fornybar straum produsert på sokkelen».

I dag har to havvindprosjekt fått konsesjon på norsk sokkel, men ingen av dei er ferdige med det første.

Olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap) seier difor at elektrifiseringa «på kortare sikt» vil krevje auka bruk av kraft frå land.

– Det er viktig at vi sikter langt, sa ho i november då Equinor annonserte at dei ønsker å elektrifisere Oseberg-feltet.

Om forslaget til Frp seier ho fylgjande:

Eg vil svare Stortinget når eg får det konkrete forslaget. Svaret vil ta utgangspunkt i det som går fram av Hurdalsplattformen.

Marte Mjøs Persen

STATSRÅD: – Elektrifisering er heilt avgjerande for at vi skal nå utsleppsmåla våre, seier Olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap).

Foto: Dan Robert Larsen / NRK

Inga tid å miste

Medlem i Energi og miljøkomiteen, Lars Haltbrekken (SV), seier til NRK at «havvind-teknologien er moden» og at det er inga tid å miste.

Skal vi nå våre klimamål, kan ikkje den største forureinaren sleppe unna. Hywind Tampen vert bygd ut no. Her må regjeringa berre få opp farta slik at vi kan kome i gang, seier han.

Energipolitisk talsperson i Høgre, Bård Ludvig Thorheim, kommenterer Frp-forslaget slik:

Hos oss er det delte meiningar om elektrifiseringa. Å bruke landstraum til dette føreset uansett at Noreg produserer tilstrekkeleg med fornybar kraft til å dekke framtidige behov.

Flyttbare vindturbiner - illustrasjon

FÅ OPP FARTA: – Skal vi nå våre klimamål, kan ikkje den største forureinaren sleppe unna. Her må regjeringa berre få opp farta slik at vi kan komme i gang, seier Lars Haltbrekken (SV).

Foto: Odfjell Oceanwind/Equinor