Hopp til innhold

Færre gjer som Helena og Fredrik: Dette er fordelane ved å vera gift

Nordmenn droppar ekteskap og blir verande som sambuarar. – Mange får seg eit sjokk over kor lite rettar ein har, seier jurist.

Helena og Fredrik Bergmann

TRYGT: Helena og Fredrik Bergmann valgte å gifta seg fordi det føltes trygt.

Foto: Benjamin Dyrdal / BENJAMIN DYRDAL

TRYGT: Helena og Fredrik Bergmann valgte å gifta seg fordi det føltes trygt.

Foto: Benjamin Dyrdal / BENJAMIN DYRDAL

– Det var viktig for oss å vita at me hadde kvarandre, uansett kva. For min del var det ikkje nok å berre vera sambuarar.

Ni månadar er gått sidan Helena Aurora C. Bergmann gav sitt ja til kjærasten Fredrik Bergmann på Sotra vest for Bergen.

Paret i slutten av 20-åra går i mot ein veksande trend der stadig færre vel å gifta seg.

– Eg ville vera sikker på at me var saman om alt, spesielt om me fekk born, fortel Helena.

Helena Bergmann

Helena og Fredrik var sambuarar før dei valde å gifta seg.

Foto: Benjamin Dyrdal

Forskjellen mellom ekteskap og sambuarskap

Færre og færre nordmenn gjer som Helena og Fredrik, viser ferske tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Langt fleire enn før er «berre» sambuarar og droppar ring på fingeren.

Men kva er eigentleg forskjellen mellom å vera gift og å vera sambuar?

NRK har spurt advokat i Codex, Andreas Poulsson, som jobbar med familierett.

– Mange får seg eit sjokk over kor lite rettar ein har som sambuarar, seier han og trekker fram tre viktige poeng.

Økonomi

– Det er ein del økonomiske forskjellar mellom det å vera gift og det å vera sambuar, forklarar Poulsson.

Om ein er gift, blir i utgangspunktet alt ein tener og skaffar seg etter ein gav sine ja, delt på to.

Andreas Poulsson

Andreas Poulsson jobbar med ulike saker der familiar treng advokat. Det kan for eksempel gjelda arv eller samlivsbrot.

Foto: Codax

Om ein er sambuarar er det meir «kvar mann for seg sjølv». Det ein tener er sitt eige, og sambuaren har ikkje rett på halvparten om ein går frå kvarandre.

– Her er eit typisk eksempel at kvinna er heime med borna i ein periode, medan mannen jobbar. Om ein berre er sambuarar, har ikkje kvinna automatisk rett på det mannen har tent.

Arv

Sambuarar har også mykje dårlegare arverettar om nokon døyr, enn det ektefellar har, forklarar Poulsson.

– Sambuarar utan born har ikkje rett på noko som helst om partnaren døyr. Det kan komma som eit sjokk for fleire.

Om eit sambuarpar har born, har ein rett på deler av arva, men ikkje meir enn fire gongar grunnbeløpet, som no er på kring 111.000 kroner.

Altså kan ikkje sambuarar med born arva meir enn 444.000 kroner. Resten går til born og eventuelle foreldre og søsken.

For ektefellar er det omvendt. Ein arvar minst fire gongar grunnbeløpet, om det finst så mykje å arva. Er det meir, blir det fordelt mellom partnar og eventuelle born, foreldre og søsken.

Les også Bruker ein halv million på bryllaupsevent

Joakim Mehus og Maria Øyhagen

Sambuarar: Lag klare avtalar

Grensene for kva rettar ein har som sambuar er ikkje så klare som når ein er gift, seier Poulsson.

Om det blir slutt mellom deg og partnaren din, eller om partnaren din døyr, er det mykje vanskelegare å vita kva ein har rett på eller ikkje.

– Det er mange som får seg ei negativ overrasking når sambuarskapet går i oppløysing, fordi ein trur ein har betre rettar enn ein har.

Derfor anbefaler advokaten å skriva kontrakt i det ein inngår eit sambuarskap, slik at ein er einige om kva som skjer om ein går frå kvarandre eller nokon døyr.

– Vil du anbefale par som bur saman å berre gifta seg, fordi det er enklare?

– Hehe, det må nesten bli opp til den enkelte å bestemma. Men eg vil anbefala å vera bevisst på den situasjonen du står i og ha den avklart med partnaren din.

Hei!

Hei! 

Eg er journalist i NRK Vestland i Bergen. Har du eit tips til kva mi neste sak bør handla om? 

Tidlegare har eg blant anna skrive om autisme i politikken«Sosial eggfrysing» og Christine som ingen forstod seg på