Hopp til innhold

Forskarar ved Universitetet i Bergen oppdaga nettverk i hjernen som fremmar aggressiv tumorvekst

Dette skriv universitetet i ei pressemelding.

Ei gruppe forskarar, leia av Hrvoje Miletic ved Universitetet i Bergen og Haukeland universitetssjukehus, har i samarbeid med ei forskingsgruppe frå Cleveland Clinic i USA, gjort oppdaginga. Dei forklarar i pressemeldinga at oppdaginga av kommunikasjonsnettverket i hjernen kan føre til betre behandlingsstrategiar for personar som rammast av vondarta hjernesvulst.

– Vondarta hjernesvulstar tilhøyrer ei gruppe kreftformer med dyster prognose. Desse svulstane er resistente mot behandling og sjåast på som ulækjelege. Pasientens overleving er omtrent 18 månader til trass for kirurgi, stråling og cellegift, skriv dei.

Nettverket dei har oppdaga viser at hjernesvulstceller kommuniserer med ei normal hjernecelletype kalla astrocytter. Denne kommunikasjonen gjer at svulsten veks meir aggressivt gjennom energioverføring.

– Resultata frå dette prosjektet legg grunnlaget for framtidig forsking på kommunikasjon mellom tumorceller og astrocytter, som gjer at vi betre kan forstå utviklinga av hjernesvulstar.

Funna er publisert i det anerkjente tidsskriftet Nature. Det var Bergens Tidende som først omtalte saka.