Hopp til innhold

Forskarar deler ut gratis kjøtt og fisk

Viss du er overvektig og vil stilla opp for forskinga, får du gratis kjøtt eller fisk i tre månader.

Forskar på overvekt

DELER UT KJØTT OG FISK: Frå venstre Linn Anja Vikøren, Iselin Vildmyren, Oddrun Anita Gudbrandsen og Øyvin Andre Solberg Eng.

Foto: Øivind Midttun

Forskingsprosjektet ved Universitetet i Bergen skal finna ut kva følgjer inntak av protein har på helsa til overvektige.

– Vi skal prøva ut om eit ganske høgt inntak av kjøtt og fisk kan vera bra for overvektige, seier forskar Oddrun Anita Gudbrandsen.

Prosjektet blir gjennomført i samarbeid med Helse Bergen, og skal gå over tolv veker.

  • Høyr radiointervju nedst i artikkelen!

Gratis til heile familien

Gudbrandsen seier deltakarane får gratis fisk eller kjøtt som dei skal eta tre gonger i veka i prosjektperioden. Dei kan også få mat til resten av familien, viss deltakarane ønskjer det.

– Kravet er at dei må halda seg til ei gitt mengde mat. Dei må også føra dagbok og koma inn til helsesjekk tre gonger i løpet av dei tre månadane, seier Gudbrandsen.

Både born og vaksne kan vera med på prosjektet, men dei må oppfylla følgjande krav:

  • Barn: 9-12 år, med aldersjustert BMI over 25
  • Vaksne: 20-55 år, med BMI over 28
  • Kan ikkje bruka medisinar som påverkar blodsukker eller kolesterol

Nokon har allereie meldt seg på, men forskarane treng mange fleire. Til saman treng dei 300 vaksne og 165 barn til prosjektet.

Få studiar

Gudbrandsen opplyser at det er gjort få studiar på helseeffektar av fisk og kjøtt på menneske.

– Målet med prosjektet er blant anna å finna ut om kjøtt og fisk kan hindra utviklinga av alvorlege sjukdommar som overvektige har stor risiko for å få, seier forskaren.

Forskarane håpar å finna ut om fisk eller kjøtt tre gonger i veka kan betra kroppen sin toleranse for sukker og redusera feittinnhaldet i blodet.

– Vi vil også undersøka om vi kan sjå endringar i kroniske betennelsestilstandar og leddsmerter, seier ho.

Dei som ønskjer å vera med kan senda e-post til protein@k2.uib.no.

Forsker Oddrun Anita Gudbrandsen og PhD-kandidat Linn Anja Vikøren ved Det medisinsk-odontologiske fakultet ved Universitetet i Bergen søker deltakere til en studie på helseeffekter av inntak av proteiner fra fisk og kjøtt. Både voksne og barn med overvekt eller fedme er ønsket.

Høyr heile intervjuet med forskar Oddrun Anita Gudbrandsen frå radiosendinga til NRK Hordaland på NRK P1. Intervjuar er Erik Hanøy.