Hopp til innhold

Forskarar fann plast i ballane til menn

Forskarar lurer på om funn av mikroplast i testiklar kan ha samanheng med dårleg sædkvalitet. UiB-forskar er derimot skeptisk til funna.

Plast i kinderegg

BALLEPLAST? Forskarar har funne mikroplast i testiklane til menn. UiB-forskar viser derimot til stor usikkerheit i studien.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er jo litt urovekkande. Det er jo ikkje det eg vil ha i testiklane mine, seier Henrik Holten Riste.

Han og kompisane Børge Smørdal Nilsen, Mathias Hole og Anders Brodshaug Berger synest det er ekkelt at dei kan ha mikroplast i ballane.

Børge Smørdal Nilsen, Mathias Hole, Andres Bratshaug Berger og Henrik Holten Riste

Dei fire sogndalsstudentane synest det er urovekkande at forskarar har funne mikroplast i testiklar.

Foto: Oda F. Lødemel / NRK

Ein ny studie publisert i det vitskapelege tidsskriftet Toxicological Sciences har nemleg påvist mikroplast i testiklane til alle dei 23 mennene dei testa og i 47 hundetestiklar.

Dei fann tolv ulike typar mikroplast, blant anna frå plastposar og flasker.

Funna kan tyde på at det er ein samanheng mellom mikroplast og dårlegare sædkvalitet.

– I nokre av testikkelprøvene frå hundar såg vi reduserte tal på sædceller og redusert testikkelvekt i testiklane med høgare nivå av visse plasttypar, seier Jamie Hu, ein av forskarane bak studien, til NRK.

Ho understrekar at det trengst meir forsking for å finne ut om det er ein direkte samanheng mellom mikroplast og sædkvalitet.

The Guardian skreiv om studien først.

Mikroplast
CATO HELDAL KRISTENSEN

Mikroplast er bitte små plastpartiklar

  • Mikroplast er små partiklar av plast som har størrelse mellom 0,001 og 5 millimeter.
  • Dei største mikroplastpartiklane kan sjåast direkte med auget, mens dei minste er så små at dei må avbildast i lysmikroskop eller elektronmikroskop.
Oslo 20180326. I disse dager dukker det opp plast mikroplast og mye skrot i strandkanten rundt om i hele landet.
Terje Pedersen / NTB

Men korleis blir mikroplasten til?

  • Mikroplast blir danna når større plastgjenstandar blir brotne ned til mindre delar. Det skjer for eksempel når gummi blir sliten av hjula på bilen ved køyring på bilveg eller ved vasking av plastbaserte klede i vaskemaskin.
  • Mikroplast blir også framstilt direkte i form av små partiklar for å lage medisinske og kosmetiske produkt.
Støvler begravet i fisk fra Goksjø
Vegard Unger Ellefsen

Kor mykje mikroplast finst?

  • Berre i Noreg blir det danna 8000 tonn mikroplast i året.
  • Dersom produksjonen, forbruket og forsøplinga av plast held fram med å auke, vil det innan 2050 vere meir plast i havet enn det er fisk.

Også sogndalsstudentane er bekymra for konsekvensane mikroplasten kan ha for sædkvaliteten.

– Eg blir jo litt bekymra for om det kan ha noko å seie for framtida om ein ønsker å få barn, for det er jo klart at sædkvaliteten har mykje å seie, seier Riste.

Tidlegare har forskarar funne mikroplast i morkake, i morsmjølk og i blod hos menneske.

UiB-forskar set spørsmålsteikn ved metoden

Jutta Dierkes er professor i klinisk ernæring ved Universitetet i Bergen, og har mellom anna forska på mikroplast i tarmen til rotter.

Jutta Dierkes på senter for ernæring ved Universitetet i Bergen

Jutta Dierkes er professor i klinisk ernæring ved Universitetet i Bergen, og har mellom anna forska på mikroplast.

Foto: Helena Viktoria Johnsen

Ho synest studien er interessant, men stiller spørsmål ved korleis forskarane har målt nivået på mikroplast i testiklane.

Ho viser til at det ikkje finst plastfrie område igjen på kloden.

Ein veit difor ikkje om plastpartiklane kjem frå lufta eller handtering av prøvene, eller om mikroplasten verkeleg er inne i testiklane.

– Spørsmålet gjeld ikkje berre den artikkelen, men også andre artiklar som har blitt publisert dei siste to åra som har funne mikroplast i menneskevev.

Kor bekymra er du for mikroplast?

Ifølge Dierkes er det likevel ikkje er unaturleg at ein på sikt også vil finne mikroplast i menneskekroppen, men det trengst meir forsking.

Når det kjem til sædkvaliteten, understrekar Dierkes at det er heilt andre ting studentane bør vere uroa for enn mikroplast.

Dei største risikofaktorane for dårleg sædkvalitet er røyking, alkoholdrikking, nokre testosteron eller anabole store steroid, og fedme, ikkje mikroplast.

Les også En sæd historie

To sædceller med norsk og dansk badehette i en petriskål som svømmer sakte, sammenlignet med andre s

Prøver å unngå plast

Studentane i Sogndal er opptatte av korleis dei kan avgrense plastforbruket.

– Ein blir jo nærast fostra opp på mikroplast. Det er jo funne i mat og vi bruker plast på det meste, seier Riste.

Nilsen har til dømes slutta å bruke skjærebrett i plast, fordi han har sett videoar av korleis slike fjøler kan forureine.

Anders Bratshaug Berger og Henrik Holten Riste

Henrik Holten Riste og Anders Brodshaug Berger.

Foto: Oda Flaten Lødemel / NRK

– Og kva andre plassar på kroppen kan det hamne i, både hos kvinner og menn, når det allereie er påvist i morsmjølk, morkake og testiklar?, spør Berger.

Studentane håpar at forskarane vil halde fram å forske på mikroplast, og sjå om dei finn det i større mengder hos eit større utval menn.

– Eg håper dei finn ut korleis det hamnar der og korleis førebygge mikroplast i «balla», seier Riste.

Les også Forskere fant mikroplast i blodårer: Koblet til sykdomsrisiko 

En 3D-illustrasjon av en arterie med avleiringer.