– Avføring er stas. Den kan gi oss utruleg mange svar, seier professor i gastroenterologi, Trygve Hausken.
Han er ein av forskarane i Nasjonal kompetanseteneste for funksjonelle mage-tarmsykdommer (NKFM). Dei skal analysere avføringa til dei koronasmitta personane.
Dei ynskjer å sjå korleis bakteriesamansetninga endrar seg ved ein infeksjon, og kva symptom som har samanheng i endringa i tarmbakteriar.
– Dei fleste tykkjer nok at det er litt annleis å gje oss ein avføringsprøve enn ein blodprøve. Men eg håpar sjølvsagt at så mange som mogleg vil bidra, seier Eline Randulff Hillestad, klinisk ernæringsfysiolog, og forskar ved Haukeland universitetssjukehus.
PRIMITIVT: Slik ser utstyret til avføringsprøvane ut.
Foto: Lidvard Sandven / NRK HordalandNaturleg område å forske på
Prosjektleiar Birgitte Berentsen seier at basert på kunnskapen dei fekk om viruset tidleg i pandemien, viste reseptoren som covid-19-viruset brukar for å komme inn i lungene, òg er å finne i heile fordøyelsessystemet.
HÅPAR PÅ VELVILJE: Birgitte Berentsen håpar å få rekruttert så mange som mogleg til prosjektet.
Foto: Lidvard Sandven / NRK Hordaland– Me ser at ein god del pasientar har mage- og tarmplager som eit resultat av ein infeksjon i fordøyingssystemet, seier Berentsen.
Ho seier det er viktig med denne typen forsking. Ved å undersøke avføringa, håper dei å finne ut om samansetninga av tarmbakteriar kan beskytte mot eller føre til auka sannsyn for mage- og tarminfeksjon på grunn av koronaviruset.
Håpar folk stiller
Å få koronasmitta personar til å stille med avføringsprøvar, kan vere ei utfordring. Det er ikkje 500 personar i Bergen og omland som er koronasmitta, så forskarane håpar på så mange som mogleg.
– 500 er det talet med har fått godkjenning på frå etisk komité. Me kjem til å samla inn prøvar så lenge pandemien held på, forklarer Hillestad i det ho viser fram utstyret som skal brukast i studien.
Sidan personar med koronasmitte ikkje kan reise til sjukehuset og levere desse sjølv, kjem Haukeland til å køyre rundt og samle dei inn.
Dei kjem til å samle inn prøvar frå folk i isolasjon, på sjukehuset og på koronahotell for å få mest mogleg variasjon av respondentar.