Hopp til innhold

Forskarar åtvarar: Jostedalsbreen kan bli delt opp i fleire bitar

Europas største isbre på fastlandet kan vere historie slik vi kjenner han om 20 til 50 år. Fleire stadar er isdjupna langt mindre enn venta, viser nye målingar.

Forskar måler dybden på isen på Jostedalsbreen

MÅLER DJUPNA: Ved hjelp av radarutstyr får forskarar svar på kor djup isen er på Jostedalsbreen.

Foto: Jostein Aasen / NVE

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

I løpet av nokre tiår kjem Jostedalsbreen til å bli delt opp i minst tre store delar. Truleg fleire.

– Eit særs sannsynleg scenario, seier prosjektleiar og geolog Jakob Yde.

Issmelting som følge av klimaendringar kjem dei neste åra til å få stor innverknad på breen som er 5000 år gamal og som mange har eit sterkt forhold til.

Forskarar frå Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen og NVE er i full gong med eit prosjekt der dei måler kor tjukk isen er ulike stadar på breen.

Med snøscooterar har dei denne våren køyrd rundt på den enorme breen med radarutstyr. Eit arbeid som tidlegare berre er gjort på ein mindre del av breen.

Feltarbeid på Jostedalsbreen

SLEPER RADARUTSTYRET: Ved hjelp av snøskuter fraktar forskarane radarutstyret over store delar av breen for kartlegging.

Foto: Jostein Aasen / NVE

Dagleg har det blitt lagt ut rapportar frå feltarbeidet.

– Enkelte stadar viser målingar at vi har over 600 meter tjukk is. Andre stadar er det overraskande lite is.

På nordlege og sørlege delar av platået viser ferske målingar at breen er særs tynn, det vil seie ei isdjupne på mellom 20 og 50 meter.

Feltarbeidar jobbar med utstyret på Jostedalsbreen

SJEKKAR UTSTYRET: Forskarane har med seg utstyr som både kan måle snø- og isdjupne. Stipendiat Kamilla Hauknes Sjursen må handtere utstyret under skiftande verforhold.

Foto: Jostein Aasen / NVE

Nyleg kom det også ut ein studie som viser at verdas isbrear smeltar dobbelt så raskt som for 20 år sidan,

Rett nok var 2020 eit betre år enn tidlegare år for enkelte brear, men over tid er det venta at mange vil krympe kraftig dei neste tiåra.

Kjem til å dele seg

Alt tyder på at Jostedalsbreen kjem til å smelte mykje på grunn av klimaendringar og høgare temperaturar.

I dag ligg store delar av breen mellom 1400 og 1900 høgdemeter. Når det etter kvart blir varmare, trur forskarane at ein stadig større del av breen vil smelte, i staden for å legge på seg.

– Når høgdegrensa for smelting blir flytta opp, blir det plutseleg store område som kjem i eit område der det smeltar. Då kan det gå fort. Vi er like ved grensa i augneblinken for at det skal skje store endringar på Jostedalsbreen.

Då er delane med tynn is ekstra sårbare. Både området rundt Lodalskåpa i nord og Bings gryte lenger sør står i fare for å dele seg opp nokre tiår fram i tid. I tillegg kan det kome brot andre stadar på breen.

Bilete frå Jostedalsbreen i april.

STOR ISBRE: Jostedalsbreen er den største isbreen på det europeiske fastlandet.

Foto: Jostein Aasen / NVE

Påverkar klimaet rundt

Bresmeltinga vil merkast på fleire måtar dei neste åra, trur forskarane.

Vasskiljet kan kome til å endre seg. Fleire kraftverk i området risikerer å miste mykje av vasstilførselen. Turistnæringa i området kjem til å merke at brearmar forsvinn og breen blir mindre. I tillegg kan landbruket bli råka. Nedbørsmengdene i kommunane rundt kan bli endra når temperaturen aukar.

Josten på langs: Siste dagen gjekk turen mot Bings Gryte, ei kjempestor vindhole midt i det kvite

POPULÆRT TURMÅL: Mange har gått «Josten på langs», ein tre dagar lang skitur med overnatting i telt. I framtida blir kan sjølve platået bli oppstykka i mindre bitar.

Foto: Kjell Kleiven

Breen ligg mellom anna i Luster kommune. Ordførar Ivar Kvalen (Sp) seier det vil vere eit stort tap dersom breen etter kvart blir stykka opp i mange bitar.

– Det er trist å høyre. Vi har allereie sett korleis delar av breen, som Nigardsbreen, har trekt seg tilbake. Så vi har vore litt førebudde på det som no skjer. Men eg likar det ikkje. Vi vil gjerne ha breen vår i 5000 år til.

Målet til forskarane er no å lage avanserte modellar som meir presist kan fortelje korleis breen kjem til å utvikle seg.