Hopp til innhold

Gode nyheiter til nervøse straumkundar: Vinteren blir mild

2022 startar kaldt, men deretter går det mot ein mild vinter i heile Norden, varslar forskarane ved Norce og Bjerknessenteret.

Snø og vinter på Borestranda i Klepp kommune 1. juledag 2021.

VINTER: Snø og vinter på Borestranda i Klepp i jula 2021.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Nye metodar for vêrvarsling gjer det ganske så treffsikkert å varsle kva type vêr vi kan vente oss mest av i vinter.

– Så langt ser det ut som at det blir ein mild vinter, seier klimaforskar Erik Kolstad ved Norce og Bjerknessenteret for klimaforsking ved UIB.

– Alle varsel for heile vinteren peikar på at det skal bli mildt. Det gjeld både januar og februar, altså resten av vinteren, seier forskaren.

Det er truleg godt nytt for norske hushaldningar, som uansett går ein dyr straumvinter i møte.

Somme gonger skjer det likevel ting i stratosfæren som gjer at vêret kan snu på ein femøring.

Dette skjedde til dømes i jula 2020, då vi fekk eit brått skifte mot ein kald vinter. Endringa gav deler av landet ein uvanleg kald vinter.

– Men no ser vi ingenting som tyder på at det kjem ei slik brå endring, understrekar Kolstad.

Snøvær i Agder

SNØKAOS: Toga på Sørlandsbanen stod fleire stader i midten av desember, som her på Gjerstad stasjon aust i Agder. Eit godstog sette seg fast i snøen og stansa trafikken.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Kan likevel bli mykje snø

Denne vinteren har byrja ganske mildt, med innslag av kalde periodar. Slutten av 2021 viste veldig variert ver, med snørekord på Sørlandet og langvarig kuldeperiode på Vestlandet som to døme.

Slik ser det ut til å halde fram utover det nye året.

Sjølv om vinteren kan bli relativ mild og nedbørsrik, treng det likevel ikkje bety at folk må parkere skia.

– Det vi kan håpe på er at det held seg relativt mildt slik at det kjem mykje nedbør, og at det er kaldt nok til å halde seg som snø i høgda, seier Kolstad.

Prognosane tyder på små skilnadar. Jamt over går det mot ein mild vinter over heile Norden.

– Det ser eigentleg ganske likt ut. Det ser ut til å starte relativt kaldt over heile landet, bortsett frå lengst sør, så glir det over til mildare ver.

Sprengkulde i Karasjok

SPRENGKULDE: Slik såg det ut i Karasjok vinteren 2016

Foto: Elle Norvang

Baserer seg på hundrevis av varsel

Kolstad og kollegaene ved Norce og Bjerknessenteret forskar på sesongvarsling. Kundane er til dømes kraftselskap, shipping, landbruk og forsikringsselskap.

– Eit vanleg vêrvarsel er ikkje treffsikkert særleg langt fram i tid, men vi brukar hundrevis av varsel som går fleire veker og månadar fram i tid, så ser vi etter trendar i desse varsla, seier Kolstad.

Denne vinteren har mesteparten av varsel peikt i retning av ein varm vinter.

– Då veit vi at det er høgare sannsyn for det, men det er alltid ein liten sannsyn for det motsette.

Forskarane ser også på typiske trendar som går over fleire år. Førebels er dette tidleg i forskingsfasen.

– På lengre sikt går det mot eit mildare ver og mildare klima. Då følgjer det meir nedbør.

Men det finst ei trøyst for dei som ynskjer sol og tørre dagar.

– Unnataket er heldigvis somrane, det er ikkje noko som tyder på at det skal bli meir nedbør om sommaren. Om vinteren og hausten har det vore ei stor nedbørsauke. Det meiner vi vil fortsette, seier Kolstad.

Erik Kolstad

SKIL MELLOM VÊR OG KLIMA: Klimaforskar Erik Kolstad presiserer at kuldeperioden nesten heile landet gjekk gjennom i fjor vinter ikkje betyr at global oppvarming ikkje eksisterer.

Foto: Andreas R. Graven / Pressebilde

Trefte godt i fjor

Dei siste åra har Kolstad og kollegaene jobba med årstidsvarsel. I 2021 trefte forskarane generelt bra.

– I år var det varsla at det skulle bli varmt i juli, og det blei det også. Akkurat det varselet er vi veldig nøgde med, vi hadde generelt ingen store bommar i fjor, smiler Kolstad.

Sesongvarsling er noko som er gjort over fleire tiår, men fyrst dei siste åra har kvaliteten auka såpass mykje at vi kunne ta det i bruk.

– Vi i Noreg har ikkje drive så veldig mykje med det, men i 2020 starta vi eit senter som heiter Climate Futures, der vi ser på varsling av klimarisiko, så det er veldig ferskt i Noreg dette her.

20 minus, is, frostrøyk ved sjøen i Stjørdal.

KALDT OG VAKKERT: 20 minusgrader, is, snø og frostrøyk. Slik såg det lenge ut i Stjørdal i Trøndelag i fjor vinter.

Foto: Gorm Kallestad / NTB