Hopp til innhold

Forskar: – Smittestopp-appen verkar ikkje så godt

Det er så få nordmenn som har lasta ned Smittestopp at det berre er 4 prosent sjanse for at den kan bidra til smittesporing. FHI håpar mange fleire vil bruka appen.

Pressekonferanse om koronasituasjonen og Smittestopp-appen

FOR LITE POPULÆR: Den andre versjonen av appen Smittestopp er berre lasta ned av ein million nordmenn. Det er for lite, meiner helsetoppane.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB

– På den eine sida har ganske mange lasta den ned, snart nesten éin million. Men me ønsker jo sjølvsagt at langt fleire skal ta den i bruk, seier assisterande direktør i Folkehelseinstituttet (FHI), Gun Peggy Knudsen.

– Éin million er på langt nær mange nok, seier seniorforskar Frode Strisland ved Sintef digital, avdeling helse.

Poenget med Smittestopp-appen er at viss du blir smitta, skal dei du har vore i nærleiken av kunna bli varsla. Det vil seia, viss både du og dei hadde telefonen med dykk.

Men når færre enn kvar femte nordmann har lasta ned appen, blir det lite sannsyn for at du vil få varsel om du har hatt møtt på nokon med koronasmitte.

Skeptisk: Sintef-forskar Frode Strisland meiner Smittestopp-appen har avgrensa nytte.

SKEPTISK: Sintef-forskar Frode Strisland meiner Smittestopp-appen har avgrensa nytte.

Foto: Werner Juvik / Sintef

Liten sjanse for å møta nokon med appen

– Dei aller fleste tilfeldige møte mellom menneske skjer jo då mellom dei som ikkje brukar Smittestopp-appen i det heile tatt, seier Strisland.

For viss berre éin av fem smitta har appen, og berre éin av fem av nærkontaktane deira har appen, er det veldig liten sjanse for at ein nærkontakt blir varsla ved hjelp av appen.

Faktisk berre 20 prosent av 20 prosent, det vil seia 4 prosent sjanse.

– Då kan appen faktisk berre spora opp fire prosent av alle møte ute i samfunnet, seier Strisland.

Få melder frå i appen

Viss derimot 50 prosent av oss hadde hatt Smittestopp-appen, ville framleis berre 25 prosent av nærkontaktar bli varsla (50 prosent av 50 prosent). Først viss 90 prosent hadde appen, kunne rundt 80 prosent av nærkontaktar bli varsla (90 prosent av 90 prosent).

Men éin ting er at for få har appen. Ein annan ting er at veldig få, berre 2500, faktisk har brukt Smittestopp-appen til å varsla om at dei er blitt smitta.

Altså: Av dei rundt 50.000 som no er koronasmitta i Noreg, har berre fem prosent tasta inn i appen at dei er smitta.

– Og det er litt lågt i forhold til smitteauken me har sett dei siste vekene, seier Knudsen i Folkehelseinstituttet.

– Det siste ein tenker på

Då NRK spurde 5-6 tilfeldige folk på gata om dei har lasta ned appen, var det berre éin som svara ja.

– Eg lasta han ned då dei lanserte han i fjor. Så sletta eg han utan ein spesiell grunn. No etter jul lasta kjærasten han ned, og då var det greitt å gjera det same, seier Nicolai Salmela.

Andre NRK snakka med, peikar på at appen ikkje kjem så høgt på prioriteringslista.

– Viss ein har fått korona, er det så mykje som skjer. Det siste ein då tenker på er å gå inn på ein app og legga inn der at ein har vorte smitta, tenker eg. Men sjølvsagt, eg ser det positive i det, seier Martin Strømsheim.

Nicolai Salmela om smittestopp-appen fra FHI

DEN EINE AV FEM: Nicolai Salmela var den einaste som i NRKs vesle sjekk svarte at han har lasta ned Smittestopp.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Minner om å varsla sjølv

Ein del av forklaringa kan dermed vera at folk gløymer at sjølv om dei har appen, må dei sjølve gå aktivt inn og registrera at dei er blitt smitta, og starta varsling.

Først då vil det blir sendt automatisk varsel til telefonane til dei som har appen og har vore nærkontakt, påpeikar Knudsen.

Knudsen ved FHI seier det også kan vera nokon som ikkje ønsker å bruka Smittestopp-appen til å varsla at dei er smitta.

– Eit poeng med systemet er at det er frivillig, seier ho.

Strisland peikar på at også barn i aukande grad no spreier smitta, men ikkje lastar ned appen, som har 16-årsgrense. I tillegg kan brukarar frå utlandet som ikkje installerer appen vere ei kjelde til ukjent smitte, meiner han.

Martin Strømsheim og Eirin Håheim Rysjedal om smittestopp-appen til FHI

VIL LASTA NED: – Me får vel gå heim og lasta den ned, seier Eirin Håheim Rysjedal til sambuaren Martin Strømsheim.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Trur styresmaktene har mista trua

Viss du har følgt med på pressekonferansane til regjeringa, helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet, er det kanskje lenge sidan du høyrde nokon av dei reklamera for å bruka Smittestopp-appen.

Strisland trur ikkje styremaktene har særleg tru på denne appen lenger.

– Det er vel blitt ei forståing av at den ikkje verkar så godt og at blant anna TISK-strategi utan app fungerer betre. Så få brukar den at den ikkje er så relevant. Sjølv om appen fungerer reint teknisk, så bidreg den i liten grad til å stoppa smittespreiing, seier han.

Men Knudsen i Folkehelseinstituttet seier dei framleis meiner appen kan vera nyttig, og at dei ønsker fleire brukarar.

– Vi køyrer kampanjar på sosiale medium og sms, og prøver å få ut informasjon om den via kommunane. I tillegg er den no tilgjengeleg på mange språk, seier ho.