Forskar vil fjerne eksamenskarakterar for å utlikne «korona-fordel»

Skuleforskar vil stryke eksamenskarakterar slik at «pandemi-kulla» ikkje får ein fordel ved opptak til høgare utdanning. – Kan opplevast urettferdig, seier forskings- og høgare utdanningsministeren.

Eksamen våren 2020

SISTE KULL: Elevane som gjekk ut frå vidaregåande i 2019 er det førre kullet med både skriftleg og munnleg eksamen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Elevane som gjekk ut frå vidaregåande i 2019 er det førre kullet med både skriftleg og munnleg eksamen.

I fjor vart både munnleg og skriftleg eksamen avlyst grunna korona, og i år blir det berre munnleg eksamen.

For at desse kulla skal stille likt ved opptak til høgare utdanning, finst det berre ei løysing: Alle eksamenskarakterane må strykast frå vitnemålet.

Det meiner Elisabeth Hovdhaugen, som er forskar ved NIFU, nordisk institutt for studium av innovasjon, forsking og utdanning.

– Vi må finne ei løysing på dette, elles kjem 2019-kullet til å føle seg tilsidesett, seier ho til NRK.

Alternativet vil true tilliten til opptakssystemet, skriv ho i eit innlegg i Dagens Næringsliv.

Utgangspunktet for forslaget er dei fleste eksamenar trekker ned karaktersnittet.

Elisabeth Hovdhaugen, forsker ved NIFU. (Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning).

STRYK EKSAMEN: – Vi må finne ei løysing på dette, elles kjem 2019-kullet til å føle seg tilsidesett, seier Elisabeth Hovdhaugen, forskar ved NIFU.

Foto: Pressefoto

– Urettferdig om arbeidet ikkje skal lønne seg

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim minner om at det også er dei som går opp på eksamen. Han er difor kritisk til forslaget.

– Ein heil del elevar som har hatt eksamen før korona, gjekk også opp på eksamenskarakterane sine. Eg trur dei vil oppleve det som veldig urettferdig dersom arbeidet dei har lagt ned ikkje skal lønne seg, seier han.

Henrik Asheim, Arbeids-og sosialminister.

NOKRE GÅR OPP: – Ein heil del elevar går også opp på eksamen, seier Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim.

Direktoratet for fellestenester og IKT innan høgare utdanning og forsking (Unit) ser no på to hovudforslag for å løyse dilemmaet.

Det eine går ut på å fjerne eksamenskarakterar, slik NIFU-forskaren tek til orde for.

Det andre forslaget er å dele opp førstegongskvoten i tre, slik at søkarane berre konkurrerer med sitt eiga årskull.

– Vi jobbar nå for fullt med ein utgreiing til Kunnskapsdepartementet om konsekvensane av de to hovudforslaga, seier Terje Mørland, som er avdelingsdirektør i Unit.

– Rettferdig for ei gruppe, urettferdig for ei anna

Asheim veit ikkje når kunnskapsdepartementet har klar løysinga, og seier dei vil bruke tid på å vurdere kva som er best.

– Det vanskelege med opptakssystemet er at gjer du noko for ei gruppe som verkar rettferdig, så kan det bli urettferdig for ei anna gruppe. Vi er opne no på kva som er dei moglege alternativa.

Leiar i Norsk Studentorganisasjon, Andreas Trohjell, seier han ikkje kan kommentere spesifikke løysingar. Ikkje enno.

Han legg til:

– Det viktige for oss er at vi får ein berekraftig løysing for årets opptak, slik at det blir best mogeleg for flest mogeleg.

– Det er høge nok snitt frå før

– Eg har søkt juss og psykologi, og der er det høge nok snitt frå før, seier Paulina Sitarz.

Ho går i tredjeklasse på studiespesialiserande ved Firda vidaregåande skule i Gloppen kommune, og saman med klassekameratane sine er ho spent på korleis opptaket til høgare utdanning blir.

Men kva om det ikkje blir nokon munnleg eksamen, eller det ikkje speler nokon rolle kva karakteren blir?

– Eg har ikkje så lyst på munnleg eksamen så det er heilt greitt, seier Lisa Tysse.

Mariann Endal Husevåg sluttar seg til:

– Personleg seier eg ikkje nei takk til å sleppe munnleg eksamen.

Elevar ved Firda vidaregåande skule. Frå venstre: Øyvind Fure, Paulina Sitarz, Mariann Endal Husevåg og Lisa Tysse.

HEILT GREITT: – Eg har ikkje så lyst på munnleg eksamen så det er heilt greitt, seier Lisa Tysse. Frå venstre: Øyvind Fure, Paulina Sitarz, Mariann Endal Husevåg og Lisa Tysse.

Foto: Åshild Slåen