Hopp til innhold

Forskar meiner kommunereforma vil spele stor rolle i valet

Valforskar Bjarte Folkestad ved Rokkansenteret trur kommunereforma kan komme til å spele ei avgjerande rolle ved kommune- og fylkestingsvalet til hausten.

Kart Sogn og Fjordane

HIT ELLER DIT? Kven slår seg saman med kven? Det trur forskarane vert eit viktig spørsmål for veljarane ved valet til hausten.

Foto: Kart: Statens kartverk

– Det vil jo gje seg utslag i at dette vert eit tema, seier Folkestad.

14 september står slaget om kommune-Norge. Vi skal på nytt stemme fram eit kommunestyre og fylkesting.

Men før det, er det innleiande rundar med debattar, valløfte og valkampsaker. Folkestad er spent på korleis kommunereforma vil prege dei komande månadane.

– Veljarane vil kanskje spørje etter klarare alternativ på kven ein skal gå i hop med, kven som ønskjer samanslåing, om nokon ikkje ønskjer det og liknande. Det vil kanskje syne att på valresultatet, trur Folkestad.

Ser fram til å sjå kva som rører seg lokalt

Så dominerande trur Folkestad at kommunereforma vil bli. Kommunestruktur er ei så lokal sak at det kan auke valdeltakinga.

– Vi som forskarar gler oss veldig. Vi ser fram til å sjå på kva som vil røre seg lokalt framover. Korleis vil partia respondere på dette? Det ser vi fram til med stor spenning, seier Folkestad.

Kommunereforma vart sparka i gong av Høgre, men Sigurd Reksnes seier dei vil gjere reforma til ei tydeleg sak for Senterpartiet i valkampen.

– Vi trur at dette kjem til å bli ei veldig viktig sak i valkampen til hausten. Det er massevis av saker der regjeringa køyrer på med sentraliseringsprosjekt, seier Reksnes.

– Nett no er alt kaos

Fylkesleiar i Høgre Arve Mjømen påpeikar at kommunereforma vil gå sin gong, uavhengig av valet.

Arve Mjømen

ENDRINGAR: Vi i Høgre vil jo noko når vi ønskjer endringar, seier fylkesleiar i Høgre i Sogn og Fjordane, Arve Mjømen.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Vi vil jo noko i Høgre når vi vil gjere endringar. Og det er ikkje berre ei regjeringssak lenger. Dette er det også, slik eg oppfattar det, noko eit stort fleirtal i Stortinget også ønskjer, seier Mjømen.

Reksnes, som er andrekandidat på fylkestingslista til Senterpartiet, registrerer på si side fornøgd at ingenting er avgjort.

– Slik saka står no er det berre kaos. Det er ingen som veit kva som vert resultatet av prosessane som skal gå føre seg framover, seier Reksnes.

Trur engasjementet vil ta seg opp

Høgreleiar Mjømen er ikkje like sikker på om Høgre vil gjere kommunereforma til ei valkampsak. Men at saka vil engasjere, er dei politiske motstandarane einige om.

Sigurd Reksnes

PÅ BANA: Andrekandidat på fylkestingslista til Senterpartiet, Sigurd Reksnes, trur utfallet av reforma kan gje auka engasjement blant veljarane.

Foto: Stig Høynes

– Etter kvart som dei forskjellige alternativet kjem på bordet og veljarane ser kva det betyr for dei, så vil vi få eit heilt anna engasjement og debatt enn kva vi har hatt i dag, seier Reksnes.