Hopp til innhold

Forskar gjorde unikt funn i Sogn

– Denne kan sogningane vere stolt av. Dette er ei snill marihøne som vi vil ha, strålar Frode Ødegaard om det unike funnet tysdag.

Marihøne i Sogn

UNIK: Dette er det første biletet som er tatt av ei tolvprikka marihøne (underst) i Norge.

Foto: Arve Uglum / NRK

For tysdag gjorde seniorforskaren hos Norsk institutt for naturforskning eit unikt funn i Fatlaberget i Sogndal.

Ødegaard er i Sogn i samband med eit forskingsprosjekt, med håp om å avdekke nye artar i den norske faunaen.

Då han tømde fella som har stått i Fatlaberget sidan mai, sperra han opp augo då ei lita brunaktige marihøne, med kvite prikkar, dukka opp.

– For ein forskar er det som lyn frå klar himmel å finne noko slikt. Eg trudde verken mine eigne auge eller marihøna sine prikkar, då eg sette i gong med å telje, seier han.

Spanande

Frode Ødegaard

JUBLA: Seniorforskar Frode Ødegaard.

Foto: Arve Uglum

Det var ikkje berre på fargen og storleiken at marihøna skilde seg frå den meir kjende «maria fly fly».

Medan kroppen var mindre, var også prikkane langt fleire.

– Når du tømmer fellene, så gjer eg litt manuell kartlegging. Det likna litt på ein 16-prikka marihøne, men var så veldig lita. Eg skjønte ingenting. Så hugsa eg eit forskingsprosjekt eg var med på i Frankrike, og denne var likeins. Då også var det ein 12-prikka, fortel Ødegaard.

Jubelen stod i taket

Vel attende på hotellet dobbeltsjekka seniorforskaren at det verkeleg var det første funnet av marihøna med artsnamnet Vibidia duodecimguttata.

I Norge vil den få namnet tolvprikka marihøne.

– Jubelen stod i taket. Denne arten er så vidt kjent frå Sør-Sverige, men det har vore veldig få funn av den i nyare tid. Her i landet er det ein heilt isolert førekomst i Sogn, seier Ødegaard og fortel at den unike marihøna er svært glad i bladlus.

Fella ved Fiksneset i Fatlaberget.

FANGA: Marihøna gjekk i denne fella ved Fiksneset i Fatlaberget.

Foto: Oddvar Hanssen/NINA

– Godt kartlagt

Artsprosjektet Ødegaard deltek i, er finansiert av Artsdatabanken. Det er rekna at å vere 41 000 artar i Norge, men at det også er 14 000 artar som er venta å vere her, men som førebels ikkje er avdekka.

Av biller er det påvist kring 3 550 artar, men ein reknar med at det er kring 3 700.

Tolvprikka marihøne

I NORGE: Den tolvprikka marihøna er funnen i Norge.

Foto: Ettore Balocchi

– Dette var ei av dei kanskje 150 artane som ein venta å finne av nye biller i Norge. Det er likevel eit overraskande funn ettersom biller er ganske godt kartlagt, seier Ødegaard om funnet i Sogn.

Fleire sjeldne artar

Undersøkingane i Sogn starta på 1990-talet etter einaste funn i landet av ein sjeldan snutebille og løpebille. Då prosjektet fekk nye forskingsmidlar i år, gjekk turen rett til Sogn.

I tillegg til Fatlaberget, undersøker dei også faunaen i Ornes og Lærdal.

– Indre Sogn var eit naturleg val. Vi har også vore på Austlandet, men det var nett på grunn av slike venta overraskingar at vi valde å gå vidare her i Sogn. Snutebillearten er den einaste i Skandinavia, medan løpebilla med raud kross på ryggen elles er kjent frå Sverige, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fella i Urnes.

FELLE: Denne fella er sett opp ved Kinsedal i Luster.

Foto: Oddvar Hanssen/NINA

Ekstrem varme

– Når denne tolvprikka marihøna dukka opp, så er det i stil med dei ekstreme artane vi har funne her frå før, legg han til og skildrar Fatlaberget som ein liten oase for forskarane.

Når det gjeld marihøna, har den lite truleg teke turen frå sør i Sverige til Indre Sogn.

– Dette er artar som ein ventar har vore her i lang tid, heilt sidan varmeperioden etter siste istid. Fatlaberget har ein varmesum som gjer at ekstremt varmekjære arter klarar seg. Det er mykje solstråling, seier Ødegaard.

Fleire funn?

– Det er opplagt dei varme sommartemperaturane som har vore avgjerande for at dei klarer seg. Om dei berre klarer overvintringa, så vil dei kunne leve der. Det er veldig mange arter der varmen om sommaren er meir avgjerande enn kulden om vinteren, seier Ødegaard.

Fellene i Sogn vart sett opp i byrjinga av mai, og skal stå til byrjinga av september. Ødegaard håpar og trur på fleire overraskingar.

– Ein eller to artar til kan det nok bli, men det blir nok ikkje mange av denne kaliberen, seier han.