Hopp til innhold

Politiet skjerpar siktinga i overgrepssak

Politiet utvidar siktinga mot mannen i 40-åra som er sikta for seksuelle overgrep mot ti mindreårige jenter i Bergen.

Politiadvokat Janne Heltne i Bergen tingrett

Politiadvokat Janne Heltne seier det framleis står att ein del etterforsking i den grove overgrepssaka i Bergen. Ein mann i 40-åra er sikta for overgrep og valdtekt av ti mindreårige jenter. Her er ho i Bergen tingrett i forbindelse med ei anna sak.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Etterforskarane er no sikre på at mannen skal ha dopa ned jentene før dei grove overgrepa har skjedd.

Derfor har politiet utvida siktinga til å omfatte valdtektsparagrafen, skriv Bergensavisen fredag ettermiddag. Politiet meiner offera var bevisstlause eller ute av stand til å sette seg imot overgrepa.

Mannen i 40-åra har vore varetektsfengsla sidan mars medan politiet har etterforska saka.

Ti mindreårige jenter

I dag vart den overgrepssikta varetektsfengsla i åtte nye veker. Saka er omfattande og involverer minst ti mindreårige jenter.

Offera er anten i sikta sin familie eller venninner av dottera til mannen. Overgrepa skal ha skjedd i forbindelse med overnattingsbesøk heime hjå sikta.

Oppnaustinga av overgrepssaka starta tilbake i november 2013, då foreldra til eitt av barna melde mannen til politiet. Politiet la krav på mobil- og datautstyr, men det tok eitt år før materialet vart gått gjennom, noko politiet har fått sterk kritikk for.

Då politiet gjekk gjennom materialet fann dei fleire bilete som synte grove overgrep mot mindreårige jenter. Foreldra vart kalla inn for å identifisere døtrene sine.

Etterforskar framleis

Politiadvokat Janne Heltne seier til BA at det framleis står att ein del etterforsking i saka. Dei tek sikte på å halde mannen i varetekt fram til saka kjem opp for retten.

– Det står att identifiseringsarbeid av bildematerialet, seier Heltne til avisa.

Mannen har i avhøyr med politiet erkjent straffskuld.