Hopp til innhold

Forlik i arbeidsrettsak

Helse Førde har inngått forlik med ein tidlegare tilsett som gjekk rettens veg etter at han vart sagt opp, skriv Sogn Avis. Helseføretaket meiner den tilsette tileigna seg verdiar og gjenstandar som høyrer til dei, og sa han opp. Mannen meinte dette var ei overreagering. Ifølgje Sogn Avis er partane samde om å ikkje offentleggjere innhaldet i avtalen seg imellom.