Hopp til innhold

Forklarte seg i natt: Vedgår å ha tatt livet av kona

Mannen som er sikta for å ha drepe kona si i Os i går kveld, har vedgått straffskuld i avhøyr med politiet.

Kvinne funnet drept i Os i hordaland

Kvinna vart funnen død utanfor den fråseparerte ektemannen sin bustad.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Han har vore i avhøyr i går kveld og natt, og har vedgått straffskuld, seier Jostein Alvheim som er forsvararen til den drapssikta ektemannen.

Politiet fekk sundag kveld melding om at ei kvinne hadde vorte drepen i Os. Ektemannen, som er i 40-åra, kontakta sjølv politiet. Kvinna vart funnen i oppkøyrselen utanfor bustaden til mannen.

Dei to skal ha vore igjennom eit samlivsbrot, og budde ikkje lenger saman. Dei to har felles barn, som no blir tekne hand om av kommunes kriseteam.

– Tar det tungt

Ektemannen sat i går kveld og natt i avhøyr med politiet. Alvheim ønskjer ikkje å uttala seg ytterlegare om kva mannen har sagt i avhøyra med politiet.

– Eg ønskjer ikkje å gå inn i forklaringane hans til politiet, eller detaljar om kva som kan vera motivet for dette, seier forsvarsadvokaten.

Det er ikkje planlagt ytterlegare avhøyr med den sikta ektemannen måndag.

– Han tar dette særs tungt og er langt nede, seier Alvheim.

Det vert fengslingsmøte i Nordhordland tingrett tysdag.

Krimteknikere på plass drapsetterforsking Os

Krimteknikarar har i heile natt jobba med å sikra bevis på åstaden.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Naboar i sjokk

– Me sat i stova og drakk kaffi då det skjedde. Me høyrde ingenting. Me er lei oss for at me ikkje oppdaga noko, då kunne me kanskje ha avverga det, seier Eldrid Stensland.

Ho bur saman med ektemannen like ved bustaden der kvinna vart funnen drepen. Dei er svært sjokka over det som har skjedd.

– Dei har vore gode naboar, og var arbeidsame folk. Me kunne ikkje førestilla oss at noko slikt kunne skje, seier Stensland.

Krimteknikarar jobba på staden i natt

I heile natt jobba krimteknikarar frå politiet på åstaden. Politiet vil førebels ikkje kommentera detaljar om drapsvåpen eller dødsårsak.

– Politiet gjer kriminaltekniske undersøkingar og avhøyr av sikta og vitne. Det vert arbeida med å kartlegga potensielle vitne og henta inn relevant informasjon som kan bidra til opplysning av saka, fortalde politiadvokat Inger-Lise Høyland i ei pressemelding søndag kveld.