No i ettermiddag føregår det forhandlingar med sikte på eit eigarskifte av den største verksemda i Hardanger.
Forhandlar med finnar
Det er det finske storkonsernet Outokumpo som er interessert i å ta over zinkverket i Odda. Outokumpo kan samnaliknast med Norsk Hydro der staten har store eigarinteresser, og bedrifta har den siste tida føretatt oppkjøp mellom anna i England.
Ingen kommentar
Norzink, som er eigd av Boliden og Rio Tinto Zink, er ei veldriven bedrift som reknar med å få eit overskot på bortimot 300 millionar kroner i år. Det var ingen kommentarar å få frå leiinga ved Norzink no i ettermiddag. Eit mogeleg eigarskifte er nemleg børssensitivt. Men det blir altså forhandla i Odda i kveld og dei tilsette ved Norzink skal orienterast på eit allmøte klokka 13 i morgon. Men det er altså ikkje sikkert at det blir nokon avtale - det får vi vita først i morgon.