Føreslår nedlegging av klassar

Fylkesdirektør Bjørn Lyngedal går inn for å redusere talet på klassar i den vidaregåande skulen i Vestland fylkeskommune 2021/22. Han foreslår at det blir lyst ut totalt tolv færre klassar enn i år. Desse klassane er føreslegne heilt nedlagt:

• Odda: Nedlegging av idrettsfag.

• Austevoll: Nedlegging av allmennfag.

• Voss: Nedlegging av musikk/dans/drama, kunst/design/arkitektur og køyretøyfag

• Hafstad (biletet): Nedlegging av kunst, design og arkitektur.

• Sogndal: Nedlegging av medier og kommunikasjon.

• Årdal: Nedlegging av industriteknologi og sal og reiseliv.

• Knarvik: Nedlegging av handverk – design og produktutvikling

• Fitjar: Nedlegging av frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign

• Kvam: Nedlegging av elektro og datateknologi

Saka skal først behandlast i yrkesopplæringsnemnda i fylkeskommunen.

Hafstad vidaregåande skule
Foto: Hanne Christin Våge / NRK