Hopp til innhold

Usemje om namnet. Er du einig med ekspertane?

Fleire har reagert på forslaget om å slå saman Sogn og Fjordane og Hordaland og kalle den nye storregionen for «Vestlandet». Her er ekspertane sine forslag.

Malin Magrethe Uttgaard og Mikael Fenne peikar på det dei meinar er vestlandet på eit kart på PCen

EKSKLUDERANDE: Malin Margrethe Uttgaard og Mikael Fenne diskuterer kvar Vestlandet er. Dei er begge frå Hordaland, men bur og studerer i Sogn og Fjordane. Likevel vil dei ikkje kalle seg «Vestlandet» utan Rogaland og Møre og Romsdal.

Foto: Espen Breivik / NRK

– Eg foreslår «Hordasognane!». For å vere litt kreativ, ler Malin Magrethe Uttgaard, som er student ved Høgskulen på Vestlandet.

Ho er ein av fleire som reagerer på at Sogn og Fjordane og Hordaland vil kalle seg "Vestlandet". Dei to fylka har signert ein intensjonsavtale om å slå seg saman til eit nytt storfylke.

Oddmund Løkensgard Hoel

Oddmund Hoel er førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Foto: HØGSKULEN I SOGN OG FJORDANE

Historikar Oddmund Hoel trur det er verdt å sjå på historia for å finne eit namn.

– Frå gammalt av var dette Gulatingsområdet, og gjennom dansketida kom andre namn, som Bergenhus. Dette vart seinare delt i Hordaland og Sogn og Fjordane.

- Ikkje monopol på Vestlandet

– Å kalle det Vestlandet, med Sogn og Fjordane og Hordaland aleine vil vere historisk feil, seier han.

Hoel meiner Bergenhus ville vore riktig historisk og geografisk, men er likevel skeptisk.

– Det ville nok vekt historiske assosiasjonar til dansketida og eineveldig styre frå Bergen. Sånn sett er det ubrukeleg, seier han.

Kristian Solvang

Kristian Solvang har hovudfag i stadnamn og har forska mykje på namn.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Namneforskar Kristian Solvang ville heller brukt Bjørgvin som namn.

– Bergenhus har ein forlate for lenge sidan. Medan Bjørgvin framleis er i bruk den dag i kyrkjeleg samanheng. Det er riktig nok eit namn frå Bergen, men vi har jo funne oss heime i Bjørgvin bispedøme.

Språkvitar Sylfest Lomheim ser ikkje på historia som noko hinder.

– Dei gamle namna hadde ikkje grenser, men var flytande namn. Derfor har heller ikkje Vestlandet tydelege grenser.

Sylfest Lomheim

Språkvitar og tidlegare direktør i Språkrådet Sylfest Lomheim

Foto: Sindre Hopland/NRK Sørlandet

Språkvitaren tykkjer Vestlandet er eit godt namn om det skulle bli ei fylkessamanslåing.

– Men er ikkje delar av Møre og Romsdal og Rogaland også på Vestlandet?

– Jo, men det er ingen som har monopol på Vestlandet som namn.

Fjordland eller Fjordane

– Du kunne rett og slett kalla regionen for Fjordane. Det ville dekke alt og vere sjølvdefinerande, foreslår Lomheim som alternativt namn.

 Gøril Grov Sørdal frå NRK-prgrammet Nomino

Gøril Grov Sørdal var programleiar i programmet Nomino på NRK

Foto: NRK

Han får støtte frå programleiar Gøril Grov Sørdal, som det siste året har laga serien Nomino, om norske stadnamn.

– Fjordland var det første eg tenkte på. Men umiddelbart tenkjer ein nok på ferdigmiddagen, så det går ikkje. Men noko med fjord kunne vore passande. For eksempel Fjordheim.

Sørdal trur eit gamalt namn kan vere vanskeleg.
– Det er så mykje identitet og kjensler som ligg til stadnamn. Derfor er det ikkje alltid dei logiske argumenta som vinn fram.

Heller noko nytt, enn eit gamalt namn

Nomino-programleiaren trur det gjer minst vondt å finne eit nytt namn på regionen.

– Eg trur det er betre å sjå framover heller enn å sjå bakover, når det er snakk om ei så stor endring. Kanskje burde politikarane appellere til alle kreative der ute og be folket om hjelp.

Det er til slutt opp til Stortinget å ta stilling til både nye regionar og kva dei skal heite. Truleg vil også Språkrådet bli kopla på prosessen.