Foreldrepar tiltalt for vald og grov valdtekt mot eigne barn

Far og mor risikerer 21 og 15 års fengsel for å ha utøvd vald mot sine eigne barn i fleire år.

Bergen tingrett oktober 2016

FRAMSTILT FOR FENGSLING: Foreldra møtte i Bergen tingrett for fengslingsmøte torsdag og fredag.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Den 34 år gamle faren er mellom anna tiltalt for gjentekne seksuelle overgrep mot si eiga dotter, som var under ti år då forholda skal ha skjedd.

Mora (36) er tiltalt for vald og mishandling av alle dei tre barna.

Paret blei arresterte i Oslo, og frakta til Bergen.

Fryktar dei vil rømma landet

Begge skulle etter planen framstillast for fengsling i Bergen tingrett torsdag, der påtalemakta ville be om fengsling i åtte veker for begge.

Fredag får NRK opplyst av Bergen tingrett at det eine fengslingsmøtet vart utsett til i dag.

– Me vil be om fengsling i åtte veker, fordi me meiner det er fare for at dei skal forlata landet på grunn av tiltalen, seier politiadvokat Trond Eide i Vest politidistrikt.

Foreldreparet er ikkje norske statsborgarar, og politiet ynskjer å halda dei fengsla til saka skal opp for retten.

Søkte på «dad and daughter»

Ifølge den omfattande tiltalen blir valdtektene rekna som særleg grove på grunn av jenta sin låge alder, og fordi overgrepa har skjedd over tid.

Overgrepa skal ha skjedd frå 2016 til mars 2017, då jenta var 6 år gamal.

Mannen er også tiltalt for å ha skaffa seg framstillingar av seksuelle overgrep mot barn eller framstillingar som seksualiserer barn. Ifølge tiltalen skal mannen ved fleire høve ha søkt på «dad and daughter» på nettstader som viser seksualiserte bilete av barn.

Mannen har ifølge tiltalen medverka til at hans døtrer blei fysisk og psykisk misbrukt av deira mor, og for å ha unnlate å stansa valdsbruken. Han er også tiltalt for vald mot sin eigen son.

Mannens forsvarar er Marius Wesenberg.

– Eg har ikkje fått snakka så mykje med tiltalte enno, men eg kan sei at han ikkje erklærer straffskuld, fortel Wesenberg.

Tvang sonen til å drikka sin eigen urin

Begge foreldra er tiltalt for ei rekke tilfelle av vald, mishandling og innesperring av alle sine tre barn. Fleire av tilfella er grove.

Mora er tiltalt for å ha truga, mishandla og krenka sine tre barn. Ifølge tiltalen skal kvinna over ein periode på over tre år ha slått og mishandla barna.

Den 36 årige kvinna skal ifølge tiltalen ha brukt flat hand, pinnar og kjøkkenreiskap for å gi barna straff. I tillegg skal ho ha truga ei dotter og sonen med å putta dei i frysaren og søppeldunken.

Sonen skal også ha blitt tvunge til å drikka sin eigen urin fordi han hadde tissa på seg.

Mora sin advokat, Maria Hessen Jacobsen, fortel at kvinna ikkje erkjenner straffskuld.

Risikerer 21 års fengsel

Paret sine barn er tekne hand om av barnevernet.

Handlinga som faren er tiltalt for har ei strafferamme på 21 års fengsel, opplyser statsadvokat Rudolf Christoffersen.

– Dette er ei svært alvorleg sak. Saka er sendt Bergen tingrett i dag, der me ber om prioritet for fastsetjing av hovudforhandlingar.

Forholda mora er tiltalt for har ei strafferamme på 15 år, opplyser Christoffersen.

– Dette er ei sak det er viktig å få raskt opp for domstolen, spesielt med tanke på den belastninga saka medfører for barna, seier Christoffersen.