Foreldre sin manglande kunnskap om dataspel fører til konflikt i heimen

JØLSTER (NRK): Meir kunnskap om dataspel vil føre til færre kranglar mellom barn og foreldre, meiner forskar. Ho har råd til foreldre som slit med å regulere barna sin speling.

Ansgar Eikås Tansøy

KONSENTRERT: Ansgar Eikås Tansøy (9) er i si eiga verd når han speler.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Lydane frå eit våpen som blir fyrt av, fyller rommet der Ansgar Eikås Tansøy (9) sit og spelar. Han har gjort leksene sine og nyttar tida før middag til å spele det populære dataspelet Fortnite.

– Det eg likar best er at ein kan spele med vener. Det er ein gamechat, så ein kan snakke saman med dei andre spelarane, forklarar niåringen.

Regelen heime er at han får spele etter at leksene er gjort, og ikkje etter klokka åtte på vekedagane.

Eg sit ofte med dårleg samvit for at han spelar for mykje. Eg synest han må finne på andre ting og, vere i aktivitet og kome seg ut seier mor hans, Birgit Tansøy.

Birgit Tansøy og sonen Ansgar

DISKUSJON: Kor mykje sonen Ansgar skal få lov til å spele kan ofte bli ein diskusjon i heimen til Birgit Tansøy.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Stigmatisert

Nesten alle barn i Noreg speler dataspel, og ifølgje Medietilsynet opplever 3 av 10 foreldre konflikt med barna på grunn av dataspel og tidsbruk.

– I vekedagane har vi klare reglar, då får han spele til klokka åtte. Men i helgane, om vi ikkje har planar, blir han fort sittande å spele heile dagen. Då kan det bli litt krangling, seier Tansøy.

– Dataspeling er framleis stigmatisert i enkelte heimar som unødvendig tidsbruk. Nokon foreldre opplever det som ein aktivitet som ikkje er på linje med andre fritidsaktivitetar som fotball, handball eller ski, seier seniorrådgjevar Bjørn Leirdal i Lotteri- og stiftelsestilsynet. Han er prosjektleiar for kampanjen «Snakkomspill».

Foreldre veit for lite

– Det viktigaste for å hindre konflikt er dialog mellom foreldre og born og at foreldra har kunnskap spelinga, seier Gilda Seddighi, ved Vestlandsforsking i Sogndal.

Ho har akkurat fullført ein studie om regulering av dataspeling. Dei har intervjua ti familiar med ikkje-vestleg bakgrunn om temaet. Seddighi meiner funna kan brukast vel så godt på norske familiar.

– Det er veldig lite kunnskap om dataspeling i samfunnet generelt. Foreldre veit ikkje korleis det fungerer, og det kan føre til konflikt og frustrasjon både blant ungdom og foreldre.

Noko ho har sett at ikkje fungerer er sanksjonar.

– Det vil seie at dei tvinger barna til uteaktivitetar, eller tar PC og mobil frå dei. Det har vi sett at ikkje nyttar. Foreldre bør heller ha dialog med barna og bli einige om kva spel dei får spele og kor mykje tid barna kan bruke på spel.

Lærte av å spele Fifa

Mange av foreldra ho intervjua visste veldig lite om dei positive sidene ved dataspeling.

I ei familie meinte mora at sonen ikkje lærte noko av spelinga si, men når sonen skulle forklare mora kva det gjekk ut på visste det seg å ikkje stemme.

– Han spelte Fifa og forklarte korleis han planla kjøp av nye spelarar, la ein strategi for å vinne og planla bruk av pengar. Det er mykje foreldre ikkje veit og det er fordi samfunnet viser liten interesse til å snakke om e-sport, seier Seddighi.

Speler saman

Heime hjå familien Eikås Tansøy er det far som veit mest om dataspeling. Han speler ofte saman med barna.

– Det er ein god måte å følgje med på kva som skjer. Eg trur at det å setje seg inn i det, gjer det lettare å forstå kvifor barna blir så fasinert av det, seier Birgit Tansøy.

Ansgar Eikås Tansøy

UTBREIDD: Nesten alle barn i Noreg spele dataspel.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK