Hopp til innhold

Får ikkje lese kva sjukehuset skriv om barna

Foreldre mister lesetilgangen til pasientjournalen til barna på Helsenorge.no når barna fyller 12 år. Men lova seier noko anna.

Geirmund Furnes

Geirmund Furnes er far til to barn som er diagnostisert med type 1-diabetes. Han og kona er avhengig av lese pasientjournalen til barna for å følge dei best mogleg opp.

Foto: Privat

– Med ein kronisk sjukdom som sonen min har, er vi avhengig av å få med oss det sjukehuset skriv om han.

Geirmund Furnes stiller seg undrande til at nettsida Helsenorge.no ikkje lar han og kona lese den elektroniske pasientjournalen til sonen.

Den tilgangen mista dei då sonen blei tolv år.

Og det sjølv om lov om pasient- og brukarrettar seier at fram til ein pasient eller brukar er 16 år, skal foreldre eller andre med foreldreansvar haldast informert.

Furnes er sjølv fastlege og har nyleg skrive ein kronikk om tematikken i Dagens Medisin.

I strid med lova

– Her har ein innført ei ordning som er i strid med pasient- og brukarrettslova.

Det seier Anne Kjersti Befring, førsteamanuensis ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo.

Berre unntaksvis kan ein gjere unntak frå hovudregelen. Det kan skje frå når barnet er tolv år, men då er det berre legar og helsetenesta som kan praktisere unntaka. Ikkje systemet.

Det er sjukehus frå Helse Nord, Helse Vest og Helse Sør-Øst som tilbyr pasientjournal via nettsida Helsenorge.no.

Det er foreløpig berre dei to første som tilbyr pasientjournal for barn under tolv år.

Helsenorge.no, skjermbilde

Slik ser det ut inne på Helsenorge.no for ein forelder som har barn under tolv år.

Foto: Skjermdump; Helsenorge.no

Ikkje noko er skjult for familien

Når NRK ringer er Geirmund Furnes med dottera på 16 år til rutinekontroll på sjukehuset.

Som 16-åring har dottera no nådd den alderen som gjer ho helserettsleg myndig.

– Vi har jo alltid vore med barna våre på konsultasjon, så det er jo ikkje noko her som er skjult for oss.

Sjølv om dei ikkje har fått lese pasientjournalen til borna på Helsenorge.no, har Furnes og kona alltid fått journalen når dei har spurd sjukehuset om å sende han.

NRK har ikkje fått svar

Det er Direktoratet for e-helse og Norsk Helsenett som står oppført som ansvarlege for teneste Helsenorge.no.

NRK har vore i kontakt med begge for å få svar på kvifor pasientjournalen til eit barn blir lukka for foreldre når barnet blir tolv år. NRK har ikkje lykkast med å få svar.

Under finn du delar av svaret Geirmund Furnes fekk frå Helsenorge.no då han stilte spørsmål om tematikken.

«Barn får automatisk sin egen pasientjournal, men etter at barnet fyller 12 år så vil ikke pasientjournalen være tilgjengelig via helsenorge.no. Dette da barn mellom 12-16 år har det som kalles vergeinnsynsreservasjonsrett.

Hvis du bor i Helse Sør-Øst så vises ikke pasientjournalen for barn i det hele tatt.

Du kan selvfølgelig ta kontakt med sykehuset direkte og be om å få utskrift av pasientjournalen til barnet.»