Foreldre kritiske til skuleleiinga

Foreldre ved Lærdalsøyri skule krev svar på kvifor det i periodar har vore omfattande lærarmangel ved skulen. Men skulen svarar ikkje.

Hadle Blikra og Lærdalsøyri skule

KRITISK: Hadle Blikra meiner det er uakseptabelt at Foreldrearbeidsutvalet ikkje får svar frå leiinga ved Lærdalsøyri skule.

Foto: Montasje: NRK-Stølen/Ida Brevik

Leiar i Foreldrearbeidsutvalet (FAU), Hadle Blikra, er opprørt over at dei ikkje får respons frå skuleleiinga.

– Dette er så grove og alvorlege manglar ved skuleleiinga at den trugar både elevar og foreldre sin rettstryggleik, seier Blikra til NRK.no.

Brot på opplæringslova

Mangel på vikarressursar kombinert med høgt sjukefråver gjer at Lærdalsøyri skule i periodar har hatt så få lærarar at det har gått utover elevane.

I eit brev som rektor ved skulen, Eva Hage Solstad, har sendt til rådmannen, vedgår ho at dette er eit brot på opplæringslova.

Ordførar: – Dette skaper uro

Jan Geir Solheim

URO: Ordførar Jan Geir Solheim seier saka skapar uro og vil finne ut kva som har skjedd.

Foto: Lærdal kommune

Også foreldra har engasjert seg i saka, og i februar sende FAU ein klage på situasjonen. Men trass fleire purringar har dei enno ikkje fått noko svar.

– Vi skal svare på brev, det er klart vi skal det, seier ordførar Jan Geir Solheim.

Han har følgjande kommentar til konflikten mellom FAU og skuleleiinga ved Lærdalsøyri skule.

– Dette er ikkje bra. Det skaper uro, og vi må klare opp i dette.

– På kva måte?

– Vi må først finne ut kva som har skjedd, seier ordføraren.

– Under ein kvar kritikk

FAU skal torsdag ha møte for å diskutere korleis dei skal handtere saka vidare.

– Vi må rett og slett finne ut om det er noko poeng for foreldra å engasjere seg ved Lærdalsøyri skule, seier Blikra.

Han meiner det er under ein kvar kritikk at FAU har venta i tre månader utan å få svar.

Har tillit til skuleleiinga

Fungerande rådmann Alf Hjellum seier han har tillit til leiinga ved Lærdalsøyri skule, men vil sjå på saka.

– Vi må sjå på dei påstandane som FAU-leiaren kjem med.

Rektor Eva Hage Solstad ønskjer sjølv ikkje å kommentere saka.