Hopp til innhold

Foreldre krev barnehageopptak heile året

Berre åtte av 356 kommunar i Norge garanterer foreldre barnehageplass når dei treng det. I Florø er folk leie av å vente.

Barnehageaksjon i Florø

MARKERING: Fleire småbarnsfamiliar i Florø samla seg fordi dei ikkje får barrnehagehageplass i løpet av året.

Foto: Oda F. Lødemel / NRK

– Vi har kome til denne fantastiske byen. Vi har laga barn som dei ber oss om, Då er det berre ein ting det skortar på, og det er barnehageplassar, seier Siri Solbakken.

Ho er mor til tvillingar på ni månader og er initiativtakaren bak ein foreldreaksjon i Florø. Målet er fleire barnehageplassar og meir enn eitt barnehageopptak i året.

– Eg har snakka med mange i same situasjon og som går lenge i ulønt permisjon. Dette er eit stort problem, seier ho.

Retten til barnehageplass gjeld for barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av november det året det blir søkt om barnehageplass. For barn fødde i desember kan foreldre måtte vente til august året etterpå.

Å vente på barnehageplass kan vere kostbart for småbarnsfamiliar. Løysinga for mange er å ta ulønt permisjon, men det er ikkje mogleg for alle.

Siri Solbakken

INITIATIVTAKAREN: Siri Solbakken fekk med seg omlag 20 andre for å vise at dei er misnøgde med berre eitt hovudopptak til barnehagar i Kinn kommune.

Foto: Oda F. Lødemel / NRK

Får konsekvensar

For fastlege Michael Robert og kona har manglande barnehageplass fått konsekvensar. Ho held på å spesialisere seg til barnelege i Førde.

– Ho har måtte utsette spesialiseringa si ganske betydeleg fordi ho er nøydd til å kome vidare i spesialiseringsløpet før ho kan bli overlege. Vi har ein plan om å flytte til Bergen slik at ho skal bli ferdig. No blir alle planane sett på vent.

Han meiner at kostnadane er liten med å ha fleire opptak i året.

– Foreldra kjem seg tidlegare ut i arbeid og gir meir skattepengar til kommunen. I det lange løp må det vere vinn-vinn for alle.

90 prosent har eitt hovudopptak

Kinn er ikkje åleine om å ha eitt hovudopptak med supplerande opptak om det skulle bli ledige plassar. Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at om lag 90 prosent av alle andre kommunar gjer det på same måten. Åtte kommunar i Noreg har løpande opptak, og 28 har to hovudopptak.

Ordførar Ola Teigen (Ap) i Kinn seier at barnehageopptaket har vore ei viktig sak lenge, både for familiane og for bedrifter som er avhengige av at dei tilsette kjem tilbake på jobb.

– Behovet er stort og ønska er mange. Det har eg fulll forståing for.

Likevel kan han ikkje love at kommunen kan få til meir på fast basis. Årsaka er at det kostar for mykje.

– Vi har tidlegare rekna på det og funne ut av måtte bemanne opp med ein kostnad på mellom 5 og 7 millionar kroner, i tillleg til å etablere om lag 100 ekstra barnehageplassar. Summen blir så høg at dette har ikkje kommunen råd til åleine. Men eg skulle gjerne sett at alle får barnehageplass frå dei fyller eitt år.

Michael Robert

VIL HA ENDRING; Fastlege Michael Robert (t.h.) meiner det er ein vinn-vinn-situasjon å ha løpande opptak.

Foto: Oda F. Lødemel / NRK

– Ikkje sikkert det er lønsamt

Professor Katrine Løken ved Norges Handelshøyskole seier det er ei utfordring at kommunane ikkje nødvendigvis får alle skatteinntekter frå ein arbeidstakar.

– For kommunane er det nok ikkje lønsamt å ha løpande opptak for då må budsjettet vere større på barnehageplassar. Frå statens side kan det lønne seg å ha løpande opptak på grunn av desse argumenta. Då er det ei proriterting frå det offentlege, og det blir jobba med å få rullerande opptak.

Ho legg til:

– Det er bra å jobbe mot eit system der folk får tilgang på barnehageplass når dei ønskjer og treng det. Det kan også vere lønsamt fordi fleire kjem tilbake i jobb, seier NHH-professoren.

– Godt forslag, men...

I Kunnskapsdepartementet seier statssekretær Halvard Hølleland (Ap) at det er eit godt forslag med ein generell rett til barnehageplass frå den månaden barnet fyller eitt år.

– Men det er ikkje noko vi kan innføre frå ein dag til ein annan. Våre utrekningar viser at det kostar 6,6 milliardar kroner, og vil kunne gi eit behov for kring 25.000 barnehageplassar, seier han.

– Og så må vi ha nok tilsette til å gi borna som fyller desse plassane eit godt tilbod, legg han til.

Hølleland meiner mange kommunar løyser dette ved å tilby løpande barnehageopptak eller fleire barnehageopptak i året.

Fleire grep i vente

Statssekretæren seier utvida rett til barnehageplass og barnehagetilbodet er gradvis bygt ut sidan barnehageforliket i 2003. Hølleland legg til at fleire grep er i vente. Mellom anna blir kontantstøtta for born over 18 månader erstata med ei småbarnsttøte for born som ventar på barnehageplass.

Frå 1. august er også maksprisen tilbake til 2005-nivå.

– Deretter skal vi forbetre dei behovsprøvde ordningane for reduksjon i foreldrebetalinga og gjere barnehagen gratis frå tredje barn i familiar som har fleire born i barnehagen samstundes, seier han.