Hopp til innhold

Førebur regional koronaforskrift

Etter eit møte med alle kommunane og sjukehusa i Helse Bergen sitt føretaksområde har Statsforvaltaren i Vestland sett i gang arbeid med eit forslag til ei regional koronaforskrift. Dei vil senda den til Helsedirektoratet, med ei oppmoding om å leggja den fram for regjeringa.

– Kommunane har sjølv gitt ein beskriving av ein situasjon som er veldig krevjande. Held dette fram så kan det bli kritisk, og no kjem også usikkerheita knytt til den nye varianten på toppen, seier fylkesberedskapssjef i Vestland, Haavard Stensvand.

Dei legg opp til eit nytt møte i morgon, mellom anna for å avklara kor mange kommunar som skal bli omfatta av forskrifta.

– Vi vil gjere vårt for at saka skal kome raskt fram til regjeringa, skriv Statsforvaltaren på sine nettsider.