No kjem «giftlokket» tilbake

Den kalde og stille lufta vil gi dårleg luftkvalitet denne veka. I Bergen vil det såkalla «giftlokket» leggje seg over byen.

Giftlokk Bergen 3. desember 2012

BERGEN 3. DESEMBER 2012: Lave temperaturer og lite nedbør gjør at bergensere må forberede seg på dårlig luftkvalitiet, ifølge meteorolog. Bildet er tatt fra toppen av rådhuset i Bergen.

Foto: Ole Hallvard Dyrbekk / Byluftlisten

Ved Danmarksplass i Bergen er det måndag helserisiko i visse område, melder Luftkvalitet.info .

Når vêret er slik som no har det fleire gongar tidlegare blitt danna eit slags giftlokk over Bergen. Denne veka vil det truleg bli periodar med sterkt forureina luft.

– Me har fått inn kald luft frå Russland. Den kalde lufta er tyngre enn varmare luft og legg seg i botnen. Der blandar den kalde lufta seg med forureining, seier vakthavande meteorolog Martin Granerød ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Truleg helsefarleg berre i periodar

Fram mot fredag vil vêret halda seg kaldt og klart.

– Heile denne veka vil det vera moglegheit for dårleg luft i rushtider. Viss det er stabil høgtrykksituasjon kan eit giftlokk bli liggjande i lengre periodar. Slik lufta er no vil det truleg berre bli periodar med giftlokk, seier Granerød.

Om morgonen og i rushtida kan det komma til å legga seg eit synleg giftlokk over byen.

Giftlokk over Bergen

SKAPER PES: Giftlokket har skapt problem for folk i Bergen dei siste vintrane. Slik såg det ut i Bergen tidligare i haust.

Foto: Thomas Gangstøe

– Tar ikkje bergensarane si helse på alvor

Helsevernetaten i Bergen kommune følgjer med på luftkvaliteten for å kunna gi råd særleg til personar med astma eller alvorlege hjarte- eller luftvegslidingar.

– Luftkvaliteten blir målt over fire trinn og i dag tidleg var det oppe på trinn tre på Danmarksplass. Me har difor sendt ut råd om at dei som er spesielt utsette bør halda seg borte frå dei verste plassane, seier etatssjef Ingvar Tveit.

Miljøpartiet De Grønne meiner Bergen kommune gjer alt for lite når vêret er slik det er no. Partiet kallar informasjonen kommunen har lagt ut på nettsidene sine for slappe råd, og meiner at bergensarane si helse ikkje blir tatt på alvor.

Sondre Båtstrand

Sondre Båtstrand og Miljøpartiet De Grønne meiner Bergen kommune gjer alt for lite når det er dårleg luftkvalitet.

Foto: MDG

– Det trengst kraftigare verkemiddel enn oppmodingar. Ved oransje nivå er det behov for akkuttiltak for å hindra at luftmålarane lyser raudt i rushet, seier bystyremedlem Sonde Båtstrand frå Miljøpartiet De Grønne.

LES OGSÅ:

Skip kan bli få beskjed om å flytta

Det kan bli aktuelt å prøva å flytta skip ut frå Bergen sentrum på grunn av den dårlege lufta i byen i dag.

– Me er kjent med vêrmeldingane framover og at det kan bli utfordringar knytt til luftkvalitetet. Me følgjer situasjonen fortløpande, seier havnedirketør Inge Tangerås.

Hamnevesenet har i utgangspunktet mottaksplikt og kan ikkje tvinga skip til å flytta seg ut av Bergen sentrum, men dei kan oppmoda og legga til rette for det. Når det eventuelt vil aktuelt å anmoda skip om å trekka ut frå Bergen sentrum kjem an på kor dårleg lufta er på ulike målepunkt og kor stor skipstrafikken er.

Medan det er helserisiko berre i visse område på Danmarksplass i Bergen viser Luftkvalitet.info at det i Trondheim svært stor helserisiko. I Oslo er det også helserisiko i visse område.