Hopp til innhold

Førebu deg på nye helsekutt

Eit samla styre i Helse Førde røysta for den omdiskuterte strategiplanen under budsjettmøtet i dag.

Styremøte i Helse Førde: Vidar Vie (t.v.), Jon Bolstad og Clara Øberg

DEBATT: Helse Førde held i dag styremøte i Førde. Frå venstre viseadministrerande direktør Vidar Vie (t.v.), administrerande direktør Jon Bolstad og styreleiar Clara Øberg.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

- Vi har fått klare og tydelege føringar frå staten: Vi må spare 150 millionar dei neste tre åra. Og no er vi ferdige med å rope om meir pengar - men pasientane skal få eit minst like godt tilbod, seier viseadministrerande direktør Helge Bryne i Helse Vest.

- Kortare behandlingstid

Styret i Helse Førde applauderte i føremiddag ein prosess som kan leie fram mot ei nedlegging av fødestova i Lærdal og ein reduksjon i tilbodet ved fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus.

Styret set dermed truleg i gang ein større prosess, der dei skal sjå grundig på dei ulike alternativa og eventualitetane rundt sjukehusa i Sogn og Fjordane.

Det kan også bety at styret legg opp til kortare behandlingstid på sjukehusa, konkretisert i færre liggjedøgn og meir dagbehandling.

- Vil merke omstillinga

Samstundes tek ikkje styret endeleg stilling til eventuelle nedleggingar og omleggingar no: Først skal ein utarbeide høyringar og rapportar - før ein kjem tilbake til dei kontroversielle punkta.

Etter alt å dømme blir det dermed høg temperatur rundt Helse Førde også fram mot strategimøtet til våren.

- Mykje talar for at vi ikkje kan drive vidare som før. Vi må sjå på arbeidsdeling mellom sjukehusa, og ei slik omstilling vil merkast i Sogn og Fjordane, seier nestleiar Jorunn Ringstad i Helse Førde-styret.