Hopp til innhold

Førdianarane vil bu i ein større kommune

Innbyggjarane i fylkets største kommune ynskjer å slå seg saman. Skepsisen er derimot størst blant dei yngste veljarane.

Olve Grotle

NØGD: Med nær åtte av ti positive til kommunesamanslåing er Førde-ordførar Olve Grotle godt nøgd med resultatet av meiningsmålinga i fylkets største kommune.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Jølster, Gaular og Naustdal bør vere kommunane Førde slår seg saman med. Det meiner 53 prosent av dei spurde i innbyggjarundersøkinga i fylkets største kommune.

– Meiningsmålinga viser ei forbausande stor grad av samsvar med dei to meiningsmålingane vi har hatt i Førde siste året. Eg er veldig nøgd, seier ordførar Olve Grotle (H).

17 prosent seier nei

Førde er ein av fleire kommunar som har valt å be innbyggjarane til råds med ei såkalla innbyggjarundersøking. Undersøkinga er gjort av Opinion AS over telefon. I alt 1 001 personar vart ringt opp. Det er vel ni prosent av dei røysteføre over 16 år.

Grotle har flagga behovet for ei samanslåing og vore i nabokommunane på friarferd. Stikkorda har vore gode, sterke fagmiljø og ein god velferdskommune.

Laster innhold, vennligst vent..

Innbyggjarane hans har lytta og deler oppfatninga hans. 78 prosent av innbyggjarane ynskjer samanslåing. 17 prosent ynskjer at kommunen blir verande åleine. Fem prosent svarar «veit ikkje».

– Vi ser ein nei-prosent på under 20, og at vi har ein ja-del som strekkjer seg opp mot 80 prosent. Ein liten prosentdel svarar veit ikkje. Då tenkjer eg at vi i Førde har fått eit godt bilete av korleis innbyggjarane ser på kommunesamanslåing og kan leggje til grunn at den oppfatninga er og har vore, seier Grotle.

Flest vil ha liten SiS

Flora var i utgangspunktet negative til å slå seg saman med resten av Sunnfjord. I kveld blir det klart korleis innbyggjarane stiller seg til ein storkommune saman med Førde.

I Førde ynskjer ein fjerdedel av innbyggjarane at også kystkommunen blir med i ein storkommune i Sunnfjord. Det er ein auke frå 16 prosent i haust.

– Som tidlegare er det vesle SiS som har størst oppslutnad hos førdianarane, men eg legg merke til at vanleg SIS har ein auke målt opp mot meiningsmålinga i haust viste, seier Grotle.

Skepsis hos dei yngste

Førde-ordføraren legg også til at oppslutninga rundt vesle SiS har gått noko ned, frå 55 til 53 prosent.

– Men då var også alternativet med ti kommunar med, legg Grotle til.

Klikk på kartet for å sjå kva røystealternativ dei ulike kommunane har:

Folkeavstemminga om kommunesamanslåing (Sogn og Fjordane)

Ordføraren merkar seg også at skepsisen er størst blant dei yngre innbyggjarane. 31 prosent av de negative er i alderen 16–29 år.

– Eg vil ikkje spekulere kvifor det er slik, men vi ser det også i dei andre kommunane at det er markert større skepsis hos yngre enn hos eldre, seier han.

Spent på kvelden

Jølster, Flora, Naustdal, Gaular og Askvoll gjennomfører folkeavrøysting i dag. Solund, Fjaler og Førde har spørjeundersøking.

Grotle er spent på kva resultatet blir i dei aktuelle partnarane i ein storkommune.

– Det blir ein spennande kveld. Eg meiner alt er veldig ope, men så er det nok slik at erfaring viser at folkerøystingar har ein tendens til å vere meir negative enn meiningsmålingar, seier han.

Sjekk resultata frå alle folkerøystingane og innbyggjarundersøkinga i dei andre kommunane her.