Hopp til innhold

Førdefestivalen blant dei 25 beste i verda i følgje musikkmagasin

For tredje år på rad er Førdefestivalen kåra til ein av dei 25 beste verdsmusikkfestivalane av det internasjonale musikkmagasinet «Songlines».

Førdefestival

FOLKEFEST: For tredje år på rad får Førdefestivalen stor internasjonal merksemd.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Ja dette er jo kjempehyggjeleg! Heilt fantastisk, no er vi både stolte og veldig, veldig glade. Eg visste det ikkje før NRK ringte no, fortel den litt fortumla festivaldirektøren Hilde Bjørkum.

– Som ei stjerne i michelinguiden!

«Songlines» er eit verdsomspennande musikkmagasin som kvart år legg ut ei eiga kåring der dei presenterer det dei meiner er dei 25 beste internasjonale festivalane, og det er der Førdefestivalen har fått plass 3 år på rad.

– Dette vert jo lest i heile Europa og elles i verda også, og som tek føre seg verdsmusikken internasjonalt. Dette er som ei stjerne i michelinguiden for oss å få ei slik anerkjenning, fortel ei tydeleg lukkeleg Bjørkum.

Bjørkum meiner dette fortel at festivalen har eit program med veldig høg kvalitet, og at dei kanskje framstår som litt originale i festivalfloraen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Førdefestival

FØRDEFESTIVALEN: Førdefestivalen har opp mot 30 000 besøkande.

Foto: Anna Gytri / NRK

Heile fylket skal ha ein del av æra

Festivaldirektøren legg til at dette er noko heile fylket bør ta til seg, artistane kjenner seg svært godt mottekne her i Førde, og det har med heile byen og den fantastisk flotte ramma med naturen i fylket å gjere. Dette er ofte ting ein ikkje tenkjer så mykje på, trur Bjørkum.

Dronning Sonja og Hilde Bjørkum

STOLT: Hilde Bjørkum er svært stolt over kåringa. Her saman med dronning Sonja under Førdefestivalen i 2010.

Foto: Simon Solheim/NRK

– Me har ikkje gjort så mykje annleis dei siste åra, men vi har gjort eit større arbeid mot den internasjonale pressa for at dei skal vere merksame på oss. Og vi har prøvd å dra oss litt etter håret for å finne dei beste artistane og stadig forbetre festivalen. Vi kviler ikkje på laurbæra, legg ho til.

Bjørkum håper no at dette fører til at Førdefestivalen får publikummarar frå andre delar av verda.

– Det er stas at ein vert lagt merke til. Ein får utruleg mykje inspirasjon til å halde fram på same måten når ein får slike anerkjenningar, fortel ho entusiastisk.

Også Oslo World Music Festival er på lista til «Songlines». Førdefestivalen vert arrangert 5.–8. juli i år.