Hopp til innhold

Dobbel volley-siger for Førde VBK

Førde Volleyballklubb har vunne to kampar på to dagar, mot sterke motstandarar.

Frank Kalstad

FORBETRING: Sjølv etter to sigrar, to dagar på rad mot to sterke motstandarar, leitar trenar Frank Roger Kalstad i Førde VBK etter forbetringspotensiale.

Foto: Rune Fossum

Søndag møtte Førde Volleyballklubb Oslo Volley på «heimebane» i Naustdalshallen. Det endte med nok ein knallsterk siger for sunnfjordingane, for andre dag på rad.

– Det vart 3 – 0 siger i dag også. Så det har vore ei god helg for oss, seier trenar Frank Roger Kalstad.

Sprekk til slutt

På spørsmål om korleis dei greide to så sterke sigrar, to dagar på rad, mot to sterke motstandarar, seier han:

– Det er stabiliteten i vårt spel som gjer at vi har eit stort trøkk på motstandarane heile vegen. Til slutt så sprekk dei.

– For mange tullefeil

Og sjølv om det ikkje er noko å seie på resultata, leitar alltid trenaren etter noko å forbetre.

– Eg er veldig fornøgd. Men samtidig har vi ein del ting å jobbe med. Det var litt for mange tullefeil i dag, som vi må luke vekk før vi møter endå sterkare motstand.

– Kva motstandarar fryktar du framover?

– Vi hadde frykta Koll, som vi sleit med i førre sesong. Og Oslo har styrka sitt lag med ein del utlendingar. Så det er bra når vi slår begge desse laga 3- 0. Men tøffaste motstandaren vil som alltid vere Nyborg.

Herresiger og dametap på same dag

Berre timar før Førde og Oslo inntok banen i Naustdalshallen, var det kvinnelaga til dei to klubbane som møttast same stad. Det gjekk ikkje like bra for Førde-kvinnene. Dei tapte 1 - 3.

– Eg fekk med meg at dei vann fyrste settet. Det såg ut som Oslo hadde eit stort trøkk i sitt spel, seier herre-trenar Kalstad, som såg delar av kampen.

Han meiner likevel at damene har potensiale.

– Dei er jo ferske i eliteserien. Og nokre hugsar gjerne korleis herrelaget sleit i byrjinga i eliteserien, seier Førde-trenaren.