Førde tapte mot finsk lag

Førde volleyballklubb tapte laurdag sin første kampen i europacupen.

Førde Volleyballklubb mot Etta Oulu i Finland

TAPTE: Førde møtte motstand då dei møtte Etta Oulu i Finland laurdag ettermiddag.

Foto: Stig Myrmel

Kampen blei spelt på mot Etta Oulu i Finland. Førde tapte alle tre setta. Settsifra blei 25-18, 25–22 og 25–21.

Førde-trenar Frank Kalstad seier det var ein kamp som byrja dårleg, men som gradvis betra seg. Det er særleg i mottak at laget slit. Det gjekk betre etter kvart, men var ikkje nok i denne kampen.

– Nivået var ikkje avskrekkande. Klarer vi å rette opp ein del feil hos oss sjølv, så er det mogleg å hevde oss, seier han.

Litt optimist

Trenar Frank Kalstad (midten). Kenneth Søreng til venstre

GIR IKKJE OPP: Trenar Frank Kalstad (midten) er litt optimist føre returkampen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Neste veke får Førde besøk av det finske laget. Denne kampen må dei vinne om dei skal ha håp om vidare spel i europacupen. Kalstad seier han er moderat optimist.

– Får vi meir flyt, så skal det vere mogleg å vinne den kampen. Men då må vi skjerpe oss og fullføre det vi har bestemt oss for.

Viktig med tøff motstand

Vinn Førde kampen, er det eit såkalla golden set som avgjer kven som går vidare i cupen. Kalstad seier det er viktig å få spele på dette nivået.

– Her vil vi få tøff motstand heile tida, og det treng vi for å utvikle oss som lag. Det er også viktig for Norge at det er lag med i europacupen.